TRENINGSTILBOD

 

OBS! Grunna fulle parti i turngruppa er  det ikkje mogleg å komme uanmeldt på treningane. Sjå meir info under medlemsskap.

 

GYMLEIK 4-5 ÅR – FORELDRE OG BARN:

På foreldre- og barn partiet kan barna få utvikle grovmotorikken gjennom å leike, springe, klatre, henge, rulle, krype, hoppe og balansere. Gymleik kombinerar gymnastikkens grunnelementer med leik. Her trenar borna saman med foreldre/føresette under leiing av instruktør. Instruktøren viser øvelser som både barn og foreldre/føresatte skal følgje. Foreldre/føresette tilpassar aktiviteten og følgjer opp sitt eige barn. Oppvarming med grunnøvelse eller leik før aktiviteten går over i rundløype i apparata. 
Partiet har ei maksgrense på 50 gymnastar.

TURN 6-7ÅR:

Turnpartiet har fokus på grunnleggande koordinasjon, styrke, leik, samarbeid og mestring.
På dette partiet får ein lære grunnelementer i turn. Gymnastane får utfordringar basert på eigne ferdigheiter for å sikre fremgang og meistring.
Partiet har ei maksgrense på 35 gymnastar. 

 

TURN 8-9ÅR:

Turnpartiet har fokus på grunnleggande koordinasjon, styrke, leik, samarbeid og mestring. 
På dette partiet bygger ein vidare på grunnelementa ein kan frå før og startar gjerne med litt vanskligare element når gymnasten er klar for det. 
Gymnastane får utfordringar basert på eigne ferdigheter for å sikre framgang og mestring. Treninga blir tilrettelagt for om ein er ny i idretten eller har turna før. 
Partiet har ei maksgrense på 35 gymnastar. 

 

TURN 10-12ÅR:

Turnpartiet har fokus på grunnleggande koordinasjon, styrke, leik, samarbeid og mestring. 
På dette partiet bygger ein vidare på grunnelementa ein kan frå før og startar gjerne med litt vanskligare element. 
Gymnastane får utfordringar basert på eigne ferdigheter for å sikre framgang og mestring. Treninga blir lagt tilrette for dette, om ein er ny i idretten eller har turna før. 
Partiet har ei maksgrense på 40 gymnastar. 

 

TURN 13ÅR+:

Turnpartiet har fokus på grunnleggande koordinasjon, styrke, leik, samarbeid og mestring. 
På dette partiet bygger ein vidare på grunnelementa ein kan frå før og startar med vanskligare element. 
Gymnastane får utfordringar basert på eigne ferdigheter for å sikre framgang og mestring. Treninga blir lagt tilrette for dette, om ein er ny i idretten eller har turna før. 
Partiet har ei maksgrense på 40 gymnastar.

 

TURN REKRUTT/JUNIOR

Dette partiet er eit lukka parti for motiverte gymnastar (over 10år) frå dei andre turnpartia våre.
Det forventast at gymnastane har eit visst grunnivå og ynskjer meir utfordringar på treningane.
Partiet har fokus på teknisk utvikling, høgare aktivitetsnivå, høgare vanskegrad og meir disiplin enn på dei andre turn-partia.
Trenarteamet vil ta ei samla vurdering med vekt på bla. ferdigheit, modenheit, motivasjon og evne til å ta imot tilbakemeldingar og progresjon.
Aktuelle gymnastar blir kontakta direkte av trenarteamet.