Klubbkonkurranse 28 mars-09
Årets Klubbkonkurranse vart arrangert på laurdag.
I år var det 25 påmeldte gymnastar fordelt på aspirant, rekrutt og senior. Aspirantane fekk ikkje plassering, men dei fekk snakka med dommarane å høyra korleis dommarane vurderte utførelsen av momenta. I dei andre klassane var det bedømminng. Og slett ikkje alltid så lett å avgjera kven av gymnastane som var best. Spesielt i rekrutt klassen var nivået svært jevnt.



Andreas gjorde ein flott salto



Thelma hadde serie med stift så hjul, på tumblingbana




Marte hadde også flotte saltoer, det er ikkje mykje å trekka på her nei



Hjul jentene konkurrerte også, for ein del av dei var det den aller første konkurransen




Tilslutt var det premieutdeling, og deltakarpremie til alle aktive


