Kretskonkurranse i troppsgymnastikk 2008

Sju flotte Osterøyjenter stilte til start i sesongens første troppskonkurranse.

Søndag 26 oktober var det klart for sesongens første troppskonkurranse. Turngruppa OIL stilte med ein rekrutt tropp. Det var sju spende gymnastar som stilte til start.

Dei skulle konkurrere i både tumbling og trampett. Det var totalt 12 tropper i rekruttklassen. Nivået var høgt så det vart ein spennande konkurranse. Osterøy klarte seg fint. Dei fekk ein flott femte plass i tumbling, dette var dei veldig fornøyd med. I trampett fekk dei ein niande plass. Godt jobba!

KM i troppsgymnastikk 26.10.08

Aktivitetar

Årsmøte i Osterøy IL 17.mars kl. 18.00
Osterøy IL Stadionbygg / Klubbhus
17 Mar
HTB Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr