Turngruppa 30år 2006

Juleoppvisninga er årets høgdepunkt for Turngruppa Oil.

Juleoppvisning 2006Laurdag 9 desember hadde Turngruppa si årlege juleoppvisning. I år ville me spesielt markera denne då me også feira at det er 30 år sidan Turngruppa vart skipa.

Me byrja dagen med trening på ulike aktiviteter i hallen for gymnastane våre. Me hadde leigd inn tumblingbane og lufttumbling, i tillegg hadde me trampett og mattestasjon. Etter felles matpause var det duka for oppvisning for publikum.

Osterøyhallen vart fullt opp av publikum, både store og små.

Oppvisninga starta med felles oppvarming for alle gymnastane, leia av den kjente guruen i turnmiljøet: Odd Michelsen. Han hadde tatt leik i snøen som tema denne dagen.

Ført ut etter oppvarminga var dei yngste gymnastane. Dei opna showet med musikk frå Dovre Gubbens hall. Sjeldan har me sett så mange flotte troll på ein gang.

Me var så heldige at Salhus turn kom og hadde oppvisning for oss. Dei hadde akkurat vunne klassen mix i  NM i troppsgrymnastikk. Så inspirerande med Norgeesmeistere på besøk.

Ein av det store for kvelden var veterantroppen. Den bestod av mange tidlegare turnarar og trenarar som hadde laga til eit oppleg av gamle kunster.

Vidare i programmet var partia 7-8år og 9-10år som fekk visa kva dei hadde trent på iløpet av hausten.

Partiet 11-13 år hadde eit troppsprogram til musikk før dei viste kunster på matte og trampett.

14år+ viste fram to flotte pyramidar samt kunstar på matte og trampett.

Gymhjul-partiet fekk æra av å avslutta juleoppvisninga. Ei flott avslutning på ein trivelig laurdagskveld.

TUSEN TAKK TIL ALLE STORE  OG Juleoppvisning 2006SMÅ!

Aktivitetar

03 mar
05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar