Årsmøte Osterøy IL onsdag 3. juni kl. 19.00 i klubbhuset Osterøy Stadion.

Årsmøte 3.6.2020

Som dei fleste er kjende med vart det opphavlege årsmøtet i Osterøy IL, 18.03.20, utsett grunna Coronasituasjonen.

No når denne situasjonen i skrivande stund er under kontroll kallar ein difor inn til utsett årsmøte onsdag 3.juni kl. 19.00 på klubbhuset. Gjeldande smittevernreglar vil verta følgde.

Sakene er dei same som sist (sjå nedanfor)

Fullstendig sakliste med utgreiingar vil verta sendt på mail onsdag 27.05.20. Er det spørsmål så ta kontakt på post@osteroyil.no


Vel møtt.

Med helsing,

Styret i Osterøy IL

Årsmøte i Osterøy IL 3.juni 2020 kl 19.00 i Klubbhuset på Hatland
Innkalling til dette utsette årsmøtet vart annonsert på heimesida og på e-post til alle medlemmar. Salen på klubbhuset vil vere rigga slik at det er naudsynt avstand mellom deltakarane jf. gjeldande retningslinjer.

Sakliste:

1. Godkjenne stemmeretten til dei frammøtte

2. Godkjenne innkalling, sakliste og forretningsorden

3. Val av ordstyrar, referent  og 2 medlemar til å underskrive protokollen

4. Årsmelding for 2019, samt gruppene sine årsmeldingar

5. Rekneskap for 2019 i revidert stand

6. Fastsetje medlemskontingent for 2021

7. Budsjett 2020

8. Val av revisor

9. Organisasjonsplan

10. Gjere følgjande val:

a. Leiar og nestleiar

b. 2 styremedlemmar og 2 varamedlemmar

c. Kontrollutval med 2 medlemmer og 1 varamedlem

d. Representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda som idrettslaget har representasjonsrett i.  

e. Valnemnd med leiar, to medlemmar og ein varamedlem. 

f. Val i samsvar med organisasjonsplan – godkjenning av styret til dei einskilde gruppene
 
 
Dokument til behandling på årsmøte: – Styret sitt forslag til forretningsorden – Eventuelle forslag og saker, medrekna eventuelle lovendringar – Styret sitt forslag til medlemskontingent – Styret sitt forslag til organisasjonsplan – Valkomiteen si innstilling – Styret si innstilling til neste års valkomité –          Rekneskap og budsjett
 
Ved spørsmål ta kontakt med post@osteroyil.no  
 
Venleg helsing
Styret i Osterøy IL