Stafettar

 

Har du lyst til å vera med på Holmenkollstafetten?

Er du jente eller dame over 15 år? Set av  laurdag 12. mai 2007 og bli med og spring den spennande Holmekollestafetten gjennom Oslos gater saman med tusenvis av andre topptrente middels trente og heilt vanlege folk i ei salig blanding! Stafetten består av heile 15 etappar frå 390m til 2480m men flesteparten av etappane er på ca. 600m eller 1200m. Nokre av etappane eignar seg best for dei som likar å springa oppover andre for dei som spring best nedover eit par av etappane er baneløp og mange etappar går både bort opp og ned. I 2006 var me 15 løparar i alderen 15 til 48 år og me hadde både sprintarar mellomdistanseløparar langdistanseløparar og glade mosjonistar! Med så mange etappar treng me nærast alt som kan krypa og gå til å vera med og kjempa om ein plass på laget. Om du går med ein liten sommarfugl i magen som vil at du skal ta steget og vera med på moroa er berre å leggja seg i trening jo før jo heller. Det er enno mange månader att til å sakte men sikkert byggja opp formen.

 

Det er til sist resultata frå diverse testløp (600 eller 1200m-løyper) og lokale stafettar (i 2006 stilte me fleire lag på Fri-stafetten Ask-stafetten Mjøsdalsstafetten) i april og mai som vil avgjera kven som får ein plass på laget og ikkje den formen ein måtte ha i vinter så her har alle ein sjanse. Kanskje du har lyst til å trena deg opp litt på eiga hand for så å koma på testløp og lokale stafettar til våren men om du har anledning er du er hjarteleg velkomen til å delta på dei faste (men uforpliktande) treningane våre! Vitsen med fellestreningane er ikkje at du skal venta med å koma til du er topptrent men at du nettopp skal trena deg opp der og då reknar me med at mange må byrja på eit lågare nivå enn dei vil kunna ha nokre månader etterpå.

Måndag er det oppmøte klokka 18.00 på bana på Hatland og onsdag er det oppmøte i Haus klokka 18.30. Om du ikkje har tid til å koma då kan du klikka deg inn på treningsprogrammet som ligg på nettet til fri benyttelse. Brit-Helen Simmenes har ansvar for treninga til mange av damene på laget og ho vil vera behjelpeleg med rettleiing for både nykommarar og vidarekomne. Ho sørgjer for at det vert lagt ut nytt program kvar månad.

 

Mange synest det er lettare å trena når ein er fleire. Ver ikkje redd for at alle dei andre er betre enn deg for alle nivå er representerte på treningane og det er alltid nokon å springa saman med! Nokon har sprunge i alle år medan andre har vore med ein sesong eller to. På stafettane til våren har me bruk for alle som er interesserte men for at det skal verta lettare og kjekkare å springa då bør ein få ei grunnlagstrening gjennom hausten og vinteren.

 

Me reiser vanlegvis bortover med buss kvelden før. Om kvelden etter stafetten vert det bankett i Oslo og så reiser me heimatt søndagen.

Meir praktisk informasjon vil verta å finna på nettsidene til Osterøy IL (friidrettsgruppa).

 

Helsing stafettansvarleg for kvinnelaget 2007 Eli S.
(har du spørsmål ring 45617284 eller 56393911).

 

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai