KM Røldal

Meir enn 200 deltakarar frå heile Hordaland hadde funne vegen til Røldal laurdag, då det var den vesle fjellbygda sin tur til å arrangere KM-renn i langrenn klassisk stil.

Blant dei yngste var det flotte løp av Simon (gutar 10 år) og Tuva (jenter 8 år).

I 11 årsklassen vart det flott seier til Marie i jenteklassen og gutane følgde opp med 2. plass til Sondre og 3. plass til Sokrates.

I gutar 13 år vart Trym nummer 14.

I gutar 14 år vart Elias kretsmeister etter eit supert løp. Ikkje langt bak følgde dei andre ostringane som perler på ei snor. Jonatan nummer 4, Torjus nummer 5, Håkon nummer 6 og Magne nummer 13.

I jenter 16 år vart Sigrid nummer 7.

I gutar 16 år gjekk Anders sterkt til 4. plass, berre sekunder frå ein plass på pallen. I same klasse vart Magnus nummer 6 og Yunus nummer 7.

I menn 18 år vart det ein flott 3. plass til Henrik.

I Menn 19/20 år vart det flott pallplass på både Øyvind (nummer 2) og Sigurd (nummer 3). Eirik vart nummer 5.

Aktivitetar

HTB Valestrandsmarka Rundt 1. løp
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr
HTB Valestrandsmarka Rundt 2. løp
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl. 18.45 og 19.00
24 Apr