Ribberennet

Nytt flott løp av Marie som gjekk inn til sin andre seier for året (jenter 11 år). I same klasse vart det trettande plass til Kristiane.

Flott tredje plass til Elias (gutar 14 år) berre fire sekunder bak nummer to. Torjus følgde like bak på fjerde.

I gutar 13 år vart det attende plass til Trym.

Flott løp av Magnus som vart nummer åtte (gutar 16 år). I same klasse vart det attende plass til Anders.

Blant dei eldste gutane (menn 19/20 år) vart det niande plass til Øyvind og sekstande plass til Eirik.