Golrennet

Fleire av Osterøy sine langrennsløparar avslutta ei flott treningssamling på Geilo med renn på Gol søndag.

Marie starta sesongen supert med seier i jenter 11 år. Flott framgang av Kristiane med 7. plass i same klasse.
Sterkt løp av Øyvind, som gjekk inn til 5. plass i menn 19/20 år. I same klasse vart det 12. plass til Sigurd.
I gutar 14 år var det mange gode prestasjonar av Osterøy. Best var Jonatan på 5. plass, men berre nokre sekunder skilte ned til Elias (10. plass), Torjus (12, plass) og Håkon (13. plass). Magne følgde med 18. plass.
Sondre gjekk eit flott løp til 6. plass i gutar 11 år. 11. plass vart det til Sokrates i same klasse.
I gutar 13 år vart det 11. plass til Runar og 13. plass til Trym.
I gutar 16 år vart det 23. plass til Anders.
Laurdag gjekk Eirik Gravsetrennet og vart nummer 11.

Aktivitetar

Hopp utan tilløp
Haus skule onsdag 27.11.2024 kl. 18.30
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt