Ørnarstafetten

Super innsats av Osterøy sine løpara i Myrkdalen i dag. Pallplass vart det i alle klasser som Osterøy stilte lag.

Først ut var Marie, Sokrates og Sondre. Dei gjekk alle flotte løp, passerte målstreken først av over 20 lag (8 – 10 år).

I 13 -16 år fulgte Anders, Håkon og Magnus opp med ein tredje plass. I samme klasse vart det sjette plass til Elias, Sigrid og Jonatan. Og niande plass til Magne, Yunus og Torjus.

Øyvind, Henrik og Sigurd tok førsteplass i juniorklassen. Osterøy sine senior løparar slo og til og det vart  seier til Johnny, Martin og Eirik. For desse prestajonane kunne junior og senior laget også innkassera kretsmesterskap som var lagt inn i årets Ørnarstafett.