Junior NM

Fire Juniorar frå osterøy stilte til start under årets Junior NM i Mo i Rana. Fredag var det klassisk og Øyvind var den som hevda seg best her, 40. plass (menn 19/20 år) og ikkje langt unna nye poeng i Norges Cupen. Flott løp var det også av Henrik, som vart nummer 81 i menn 17 år. Eirik vart nummer 144 i menn 19/20 år.

Lørdag var det fristil og da vart det 85. plass på Sigurd (menn 18 år), 103. plass på Henrik (menn 17 år) og 164 plass på Eirik (menn 19/20 år).

Junior NM vart avslutta med kretsstafetter på søndagen. Her gjekk Øyvind på Hordaland sitt andre lag som vart nummer 58. Sigurd gjekk på tredje laget til Hordaland som vart nummer 71. Henrik og Eirik gjekk på fjerde laget til Hordaland som vart nummer 99.

Resultat:
Menn 19/20 år – 20 km klassisk
Menn 17 år – 10 km klassisk

Menn 19/20 år – 10 km fri
Menn 18 år – 10 km fri
Menn 17 år – 10 km fri

Stafett menn