KM klassisk, Fanarennet

Kjempeflott innsats av dei yngste i dag også. Beste tid i jenter 10 år vart det til Marie, men flotte løp av Sondre og Simon og.

 

Flott insats av Trym i gutar 12.

Spennande i gutar 13 år, med mange ostringar innblanda i toppen. I dag var Elias best med 3. plass fulgt av Jonatan (4. plass), Håkon (5. plass) og Torjus (6. plass). Flott innsats av Magne og Sebastian også.

Flott løp av Sigrid som gjekk inn til 3. plass i dag.

I gutar 15 år gjekk Magnus inn til 5. plass.

Flott løp av Henrik som i dag kom seg opp på pallen (3. plass menn 17 år). 2. plass vart det til Sigurd (menn 18 år), og 3. plass til Øyvind (menn 19/20 år).

Takk til smørarane for kjempegode ski heile helga.

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar