Ørnarstafetten

Osterøy stilte med fire lag under årets Ørnarstafett. Juniorlaget med Øyvind Brakvatne Mjelde, Johannes Nonås Langhelle og Sigurd Braathen Reigstad gjekk inn til ein sterk andre plass, berre slått av Bulken.

I klassen gutar 11-12 år vart det femte plass (Trym Tvedt Aastvedt, Jonatan Gjerstad Skjerping og Håkon B. Reigstad) og tiende plass (Magne Kleppe, Filip Skjerping og Elias Mostraum) til Osterøy. Også i gutar 13-16 år hadde Osterøy lag som gjekk inn til ein sjuande plass (Anders Mjelde, Yonus Emil Reyhanoglu og Martin Nessestrand Mjøs).

Resultat