Fjelltur

Søndag klokka 11 stod omlag 15 treningsglade skiløparar klar i Hovden. Turen denne søndagen gjekk opp på Stongfjellet. Der var alt frå 12 åringar til dei godt vaksne veteranane. Dei yngste tok ei rute som passa for dei, mens dei eldre tok ein noko lengre tur. Desse søndagsturane har våre ei fast treningsøkt i skigruppa i alle år. Dette er veldig kjekke turarar og me oppfordrar folk til å møte opp. Mange er med på desse turane berre for mosjon sin del, så det er ingen som seier at du må sattse på langrenn. Følg med på gjesteboka for å sjå kor neste tur går.

 Godt oppmøte i Hovden.

Øyvind Litland(i midten) med 4 av sine lovande løparar.

Snart oppe på Stongfjellet no.

Øyvind Aasheim var litt seint ute men overraska Jostein med ein spurt.

Glenn ser alltid lyst på livet. Snart på toppen no.

Stongfjellet Drikkepause på toppen

. Sigurd er klar til kamp i vinter.

Revheimst�len Litt av gjengen ved Revheimstølen.

Eirik og Emil måtte testa temperaturen.

Lars, Glenn, Emil, Eirik og fotografen tok seg ein tur via Hartveit og Gjerstad på veg tilbake til Hovden. Klokka passerte nett 2 timar då me var tilbake ved utgangspunktet.

Aktivitetar

18 feb
Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass
23 feb