Hovudlandsrennet

Fredag var det 5 km fristil på programmet. Marie var først ut av våre, og gjekk inn til ein god 61. plass. Nr 2 var Sondre, som kom i mål på ein flott 38. plass. (Her var det tett som hagl. 35 sek opp til 3. plass!). Til slutt gjekk Ingrid eit godt løp, og endte som nr 31!
Laurdag var det klassisk sprint på programmet. Marie og Sondre vart nr 53 og nr 51(berre 6 og 3 sekund frå å gå vidare til kvartfinale). I 16-årsklassen vart Ingrid nr 110.