Viljarrennet

Under kjempeflotte forhold  Myrkdalen utmerka Osterøy seg med pallplassar i fleire klassar.  Osterøy hadde heile 6 løparar på pallen men desverre ingen 1.plassar.

Henrik A Hestnes i fint driv inn mot mål. Sigurd B Reigstad spurtar godt.

 

Osterøy hadde mange løparar i dei yngste klassane og mange av dei er svært lovande skiløparar som sikkert vil være med og konkurrere i mange år framover.

I dei eldre klassane utmerka våre løparar seg spesielt, og i G15 gjekk Eirik B Mjelde inn til 2.plass på tida 17.12 berre 18 sekund bak vinnaren Sturla Lie få Viking TIF. Osterøy hadde også løparar på 3. og 4.plassen i denne klassen. 3.plassen tok Glenn Torgersen og på 4.plassen kom Torbjørn Hovden.

Torbjørn Hovden har gjort store framskritt denne sesongen. Eirik B Mjelde(Sølv) og Glenn Torgersen(Bronse)

I G16 gjekk Anders Flæsland inn til si andre pallplassering denne helga med 3.plass, på tida 17.08. Lars B Reigstad gjekk inn til 4.plass på tida 17.55.

Anders Flæsland(Bronse) og
Lars B Reigstad(4.plass)

Alle res.