Mange gode resultat i Røldalsrennet

Osterøy hadde ein 2.plass og heile tre 3.plassar under Røldalsrennet som vart arrangert Lørdag.

Sigurd B Reigstad var den som hadde best plassering frå Osterøy og han gjekk inn til ein 2.plass på tida 10.07 på sin 2 Km.

Gutter 15 og 16 gjekk 2 rundar i 3 Km løypa, og dette førte til at det vart eit litt lengre løp enn det som er vanlig. Men Eirik B Mjelde viste at han klarar seg bra i lange og tunge løyper, og han gjekk inn til 3.plass i G15 på tida 20.52 som ville vore ein 4.plass i G16. 

I  G16 gjekk Anders Flæsland også inn til ein 3.plass på tida 20.46 berre 9 sekund bak 2.plassen. Han gjekk veldig fort den første runden og låg på 2.plass ved passering 3 Km, men på 2. runden gjekk han tom for krefter og tapte litt på slutten.

I klassen Menn 19-20 gjekk Stian Aasheim også inn til ein 3.plass på tida 27.30, berre 10 sekund bak 2.plassen.

Alle res.