Jularennet

Jularennet vart som vanleg arrangert av Korlevoll IL på Korlebu skistadion i Odda. Trass i mildveret dei siste dagane klarte dei å få i stand brukbare løyper og det vart eit stort renn med ca. 180 startande. Rennet gjekk i fristil og det var fellesstart frå 13 år og oppover.


Sigurd B Reigstad(G11) og Øyvind B Mjelde(G12) gjekk begge 2 Km intervalstart, og dei gjekk inn til 3. og 9. plass i sine klassar.

Her ser de Øyvind B Mjelde i fint driv på sin 2 kilometer.

Frå 13 år og oppover var det fellesstart, og for mange var dette den første fellesstarten i fristil dei hadde gått nokon gong. Magnus B Reigstad(G13) og Ola B Reigstad(G14) gjekk begge i den første fellestarten, og dei gjekk 3 Km.
Magnus fekk 9. plass og Ola fekk 13. plass i sin klasse.

Magnus B Reigstad og Ola B Reigstad gjekk i eit stort felt.

I den andre fellestarten hadde Osterøy heile 7 løparar til start og dei gjekk 5 Km, men dei måtte gå 3+2 Km på grunn av snømangel i 5 Km løypa. I G15 gjekk Eirik B Mjelde, Trygve B Reigstad, Emil Hosøy og Vegard Aasheim. Her vart Eirik bestemann frå Osterøy og gjekk inn til 8. plass på tida 14.14.

Emil har akkurat gått ut på sin andre runde Eirik kjem i full fart ned bakken og tenkjer at det berre er oppløpet igjen.

Sigrid Lone Rongved stillte til start i J16 og gjekk inn til 3.plass på tida 21.04.

I G16 var det hard kamp mellom Anders Flæsland og Lars B Reigstad. Begge kom litt seint ut i starten men men etter 2 Km starta innhentinga og Lars satt som spikkra i ryggen på Anders mens Anders økte tempoet og raste forbi fleire løparar den siste runden. Men i siste bakken før mål gjorde Anders eit rykk og gjekk ifrå Lars men Lars er ein sterk spurtar og klarte NESTEN å gå forbi Anders på oppløpet. Anders gjekk inn til 5. plass på tida 13.55 med Lars berre eit sekund bak.

Anders og Lars ligg midt i feltet med raude skidressar. Anders går forbi på utsida med Lars heilt i ryggen

Stian Aasheim gjekk 15 Km fellesstart i G19-20. Han gjekk brukbart i starten men han hadde ein dårleg dag og etter ca. 7 Km klarte han ikkje å halde ryggen til dei framfor seg og vart gåande åleine siste halvdelen av løpet. Han gjekk inn til ein 7. plass, 3.40 bak vinaren Sjur Røthe frå Voss.

Alle res.