Snøsamling på Geilo

Det var om lag 25 aktive i tillegg til trenarar og foreldre som var på Geilo denne helga. Der var det full vinter og det snøa mykje dei tre dagane me var der.

Dei fleste reiste opp til Geilo torsdag ettermiddag, men for nokon av desse  vart det ei lang reise fordi det kun var Filefjell som var åpen. To av bilane reiste frå Osterøy kl.16.00 og var ikkje framme før klokka 01.30 natt til fredag, på grunn av at dei måtte stå 2 timar  i kø på Filefjell.
Men fredag var alle oppe klokka 8 og ut på trening 9.30. Denne dagen var det to treningsøkter på 2 timar kvar. Det var ca.30km oppkjørte løyper men det snøa og var mykje vind denne dagen så det var ganske surt.

Lørdag vart veret mykje bedre og dei eldste frå 13 år og oppover gjekk eit testløp denne dagen, slik at dei skulle få litt fartsfølelse i beina. Testløpet gjekk i fristil og den andre økta denne dagen gjekk rolig i klassisk stil.
Om kvelden var alle samla på Peppes Pizza for å ha det kjekt i lag og få i seg eit godt måltid.

Kveldane gjekk med til kortspel og morosamme påfunn. Emil og Magnus lagde ein nydelig fruktsalat til oss fredags kvelden.

Søndagen var det berre ei treningsøkt der me kunne bestemme kva for ein stilart me ville gå sjølv. Dette var den finaste dagen med ca. -5 grader og skyfri himmel, så det var litt kjedelig å måtte reise heim at denne dagen. Men no var heldigvis alle fjellovergangane opne så heimreisa tok berre 4 timar.

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai