Regler

HAFO – reglar / kampavvikling

  1. Spel på tre minihandballbaner på tvers av hallen. Skiljevegger til bruk for å skilje banene alle finalar vert spela på Bane B (midtre). Først ein omgang med handball så ein med fotball.
  2. 4 spelarar med målvakt på handballdelen 4 spelarar med keeper på fotballdelen. Ein kan ha med inntil tre innbytarar som kan skifta heile tida. Dersom ein ligg under med tre mål eller meir kan ein setja inn ein ekstra spelar.

 

  1. Laga byter ikkje side men det er ein kort pause for å skifte frå handball til fotball.
  2. Laget som er nemnd først spelar i GRØNE HaFo-vestar på banehalvdelen mot klokkeveggen angrep mot tribuna.
  3. Mål skåra i fotballdelen tel som to mål (dobbelt så mykje som i handballdelen).

 

  1. Kampane startar / stoppar samstundes utan tillegg/fråtrekk i tid. 2 x 6 min – 2 x 10 min i finalane og oppvisningskampen.
  2. I finalane vert det innmarsj og presentasjon av spelarar. Spelarane har på seg nummererte HaFo-vestar. Det vert og registrering og opplysning av målskårarane.
  3. Lette og enkle reglar spesielt i handballdelen for dei yngste. Innspark i staden for innkast i fotballdelen. Det er ikkje lov å skåra direkte (ingen i kontakt med ballen) etter stopp/ igangsetting av spelet.

 

  1. Ved utvisning kan ein setja innpå ein annan spelar men den utviste spelar får ikkje delta resten av omgangen.

10. Protester skal rettast til hovudsekretariat. Eventuell klage på svar vil verta behandla av arrangørkomiteen snarast. Alle resultat er endelege ved premieutdeling.   

11. Ved poenglikskap mellom to eller fleire lag vert rekkefølgja bestemt slik:

  1. Målforskjell (differansen mellom skåra og innslupne mål)
  2. Flest skåra mål i samtlege kampar
  3. Loddtrekking.

12. Dersom det er uavgjort i finalekamp vert det spela 2 x 2 min. ekstraomgang. Er det fortsatt uavgjort etter ekstraomgangane vert det 2 x 2 min sudden death