MEDLEMSINFORMASJON
SPOND
Turngruppa nyttar appen SPOND.
Som medlem i turngruppa har du og bornet/gymnastens ditt ein medlemsprofil i SPOND. Via denne profilen vil du ha tilgang til gymnastens treningsgruppe og tilhøyrande treningar. Ta kontakt med styret om du manglar tilgang til din gymnast.
All kommunikasjon mellom turngruppa og dykk som medlemmar er via SPOND. Me anbefalar dykk å laste ned og bruke APPen. Me ynskjer at dykk reagerar på meldingane/innlegga med emoji el. slik at me ser at informasjonen når fram til dykk.
Alle treningar er lagt inn i kalendaren og gymnasten er automatisk registrert som DELTAR. Dersom gymnasten ikkje kan kome på trening må dykk registrere dette i APPEN ved å trykke AVSLÅ. Ved arrangement må dykk svare på om gymnasten deltar eller ikkje.
KLUBBKOLLEKSJON
Turngruppa har avtale med SPORT 1 Øyrane Torg. Me oppfordrar alle medlemmer å handle her.
Avtalen gjer medlemmer av turngruppa:
-
20% på klubbkolleksjon
-
10% på ordinære varer
I kollkesjonen til turngruppa er det mogleg å kjøpe:
-
SPAIN Treningsjakke (6-14år, XS-XXL)
-
SPAIN Treningsgenser m/ 1/2 zip (6-14år, XS-XXL)
-
SPAIN T-skjorte (4-14år, XS-XXL)
-
SPAIN Shorts (4-14år, XS-XXL)
-
SPAIN Treningsbukse (6-14år. XS-XXL)
MEDLEMSKONTIGENT OG TRENINGSAVGIFT
Alle medlemmer i Osterøy IL Turn vil bli fakturert for:
-
Medlemskontigent til Osterøy IL
-
Treningsavgift til Turngruppa
Det blir fakturert på årsbasis (jan-des). Medlemsavgift og treningsavgift blir ikkje fakturert på same tid, ta kontakt med styret dersom det er spørsmål kring fakturering.
Det er viktig at begge deler blir betalt for å kunne delta på treningar og på arrangement. Dersom ein ikkje har betalt reknast ein ikkje som gyldig medlem, noko som vil kunne skape problemer blandt anna ved skader.
Turngruppa ynskjer at alle born og unge skal ha moglegheit til å delta i idretten, uavhengig av familiens økonomiske situasjon. Ta kontakt med styret i turngruppa dersom dykk har betalingsutfordringar slik at me kan finne ei løysing på det saman.
Medlemskontigent Osterøy IL:
Medlemskontingenten vert fastsett av årsmøtet og skal betalast på forskot. I Osterøy Idrottslag er alle personlege medlemar. Ved å betala medlemskontigent er ein automatisk medlem i alle gruppene i laget.
Medlemskontigent fastsett for 2023 er uendra (jf. vedtak på årsmøtet 21. mars 2023):
Innmelde f.o.m. 1.8. i året betalar halvparten av medlemskontigent for det første året.
-
Born t.o.m. det året dei fyller 17 år betalar kr. 300,- pr. kalenderår.
-
Vaksne f.o.m. det året dei fyller 18 år betalar kr 600,- pr. kalenderår.
Treningsavgift Osterøy IL Turn
Treningsavgiftene vert fastsette av gruppestyret. Treningsavgifta er ein svært viktig del av inntekta. Avgifta går til utgifter ved halleige, kompensasjon til trenarar, trenarutvikling, forbundskontigent NGTF, kjøp av utstyr og liknande som trengst for å halda gruppa i gang.
Treningsavgift turngruppa:
-
Barn tom. 6år*: kr 800,- pr. kalenderår
-
Barn 7år- tom.10år*: kr 1000,- pr. kalenderår
-
Barn fom. 11år*: kr 1200,- pr. kalenderår
-
Rekrutt/Junior parti: kr 600,- pr. kalenderår
* Det året gymnasten fyllar året.
Innmelde f.o.m. 1.august betalar halvparten av treningskontigent for det første året.
Gymnastar som har vore aktive i mellom januar-desember og har deltatt på meir enn 2 treningar vil bli fakturert.
*Med forbehald om endringar.
Arrangement, konkurransar og ekstra tilbod
Ved deltakelse på arrangement, konkurransar og andre ekstra tilbod kan det medføre ei ekstra deltakaravgift. Dette blir informert om ved påmelding av arrangementet og eigen faktura vil bli sendt ut på det.
DUGNAD
Frivillig arbeid gjennom dugnad er ein avgjerande ressurs for turngruppa, og er heilt nødvendig for at gymnastane våre skal kunne få eit godt aktivitetstilbod.
Dugnad er med på å dekke for utgifter som elles måtte bli dekka av medlemmane. Dugnadsarbeid kan eksempelvis være vedlikehald av klubbhus/hall, vaffelsteiking, vakthold ved arrangement ect. Loddsal og anna type sal (sal av toalettpapir, julekalender ol) er også dugnadsarbeid. Dugnadsarbeidet opplevast ofte som sosialt og gøy, og bidrar med å styrke fellesskapet i idrettslaget.
Turngruppa vil sterkt oppfordre alle til å stille på dugnad.
AVMELDING OG UTMELDING
Avmelding til turngruppa
Send melding i SPOND til medlemsansvarleg: Lovise Mari A. Hopsdal
Evt. Send E-post til Lovisem_89@hotmail.com
Utmelding i idrettslaget
Utmelding i idrettslaget kan gjerast i minidrett.no, evt send epost til post@osteroyil.no.