Aktiviteten for fotball, friidrett, turn, handball og volleyball går føre seg i Osterøyhallen og på Osterøy stadion. Desse anlegga ligg "vegg i vegg". Klubbhuset til Osterøy IL ligg også ved stadion.
Osterøy Stadion / Klubbhus: Fotlandsvegen 81, 5282 Lonevåg
Osterøyhallen / Osterøy Stadion Kunstgras: Geitaryggen 10, 5282 Lonevåg
Lettaste vegen å nå Osterøy stadion/Osterøyhallen er å følgja E16. Køyr så over Osterøybrua. Frå brua tek det om lag 15 minutt å køyra. Køyr rett fram og gjennom tunnellen. Følg skilting til Lonevåg.
I Lonevåg tek du så til venstre mot Hatland ved Sparebanken Vest sitt bygg og følgjer Fotlandsvegen ein knapp kilometer. Du køyrer no forbi ein bensinstasjon. Du vil då straks sjå skilt «Osterøyhallen» Skal du til kunstgrasbana sving inn her.
Osterøy stadion og klubbhuset ligg like forbi innkøyrsla til hallen.
Tilreisande kan også nytta ferja frå Breistein-Valestrandsfossen. (Går frå Breistein kvar heile og halve time til vanleg. Retur kvart på/kvart over fram til 21.45. Eigne ruter laurdag og sundag. Frå kaien er det under 10 kilometer (8 minutt) å køyra retning Lonevåg.
Dette høver godt for mellom anna reisande frå Nordhordland.
Anna informasjon til tilreisande: Garderobeanlegg er til vanleg i Osterøyhallen.
Lysløpa på Rolland