Dei 3 raskaste kvinner. Stine Hatteberg nr.2, Deborah Moerlen nr.1 og Maria Småland nr. 3

Etter mange dagar dagar med regn, kom det ein dag med opplett og sol.

Link til info m.m.    Resultat eqtiming

Deltakarar i turklasse    Resultat konkurranseklasse

Osterøy på tvers 6. juni frå Bruvik til Hosanger hadde totalt 331 påmelde deltakarar, og dei aller fleste fullførde med stil, enten i turklassen eller konkurranseklassen. Eit par overtrakk og muskelstrekk, elles såg det ut til at deltakarane kom seg heilskinna gjennom – sjølvsagt med støle bein både inn mot mål og heilt sikkert nokre dagar i etterkant. Det er prisen for ein dose sunn galskap!
Arrangementet er ei stor oppleving for deltakarane og fantastisk god reklame for Osterøy. Me var for fjerde gong fantastisk heldige med vêret med sol, delvis skya og passeleg temperatur. Full klaff etter vekevis med regn og langt frå sommarlege temperaturar.
I konkurranseklassen for menn hevda dei lokale seg høgt på listene. Tidene bar preg av det sleipe og utfordrande forholda, men Espen Roll Karlsen frå Osterøy IL takla det best og kom først i mål på tida 2.09,02. Torsdag vann Espen Bergen Fjellmaraton, og laurdag tok hardhausen Osterøy på tvers som ei god treningsøkt.
«Stor stas! Ei løype med stort potensiale. Fine premiar, mange drikkestasjonar, godt merka, god servering og stemning i målområdet. Kort sagt eit fantastisk arrangement», slo Espen fast etter løpet.
Klubbkameraten Joar Nøkleby Lemme avgjorde duellen mot Mjøsdalens Martin Kåstad i siste del av løypa og vart nr. 2. Martin har bakgrunn som sprintar i norgestoppen og fekk bruk for desse eigenskapane inn mot mål etter å ha tapt noko tid på å tøya ut krampar. Torjus Raknes kom berre fire sekund bak i mål, men var likevel strålande fornøgd trass den litt sure fjerdeplassen.
I kvinneklassen kom vinnaren heilt frå Frankrike. Deborah Moerlen og kjærasten Silvere Panisset var tilfeldigvis på Bruvik laurdag morgon for å ta seg ein treningstur på Brøknipa, då dei oppdaga løpet og slengde seg med. Det enda med førsteplass for Deborah og 6. plass for Silvere. Stine Hatteberg frå Rosendal IL og Maria Småland frå Valestrand kom på plassane bak.
Føret var svært utfordrande etter all nedbøren – og verken sko eller leggar såg direkte nyvaska ut då folk kom mot mål i Mjøsvågen – der stemninga som vanleg var stor med mykje folk samla.
Dei fire arrangørklubbane vil ha ei evaluering i etterkant om framtidig løypeval for å sjå om det finst endå betre ruter – spesielt med tanke på dei åra det er veldig mykje nedbør og svært blaute parti av løypa.

 

 

3 raskaste men. Martin Kåstad nr.3, Espen Roll Karlsen nr. 1 og Joar Nøkleby Lemme nr. 2
Utdeling av startnr. på Bruvik
Start på kaien på Bruvik
Fleire i turklassen starta turen på kaien på Bruvik
Espen Roll Karlsen i tet frå start. For 2 dagar sidan vann han Bergen Fjellmaraton.
Andre litt forsiktig start
Espen Roll Karlsen første mann i konkurranseklassen i mål på Hosanger
Første kvinne i mål Moerlen Deborah
Espen Roll Karlsen og Joar Nøkleby Lemme
God stemning i målområdet på Hosanger
Tove Mostraum laks for innsatsen
Laks til klassevinnarane
Bente Midtun, Bjarte Lone og Bjarte Vik
Deltaking frå Frankrike (frå OLbyen Grenoble)
Speakar Bjarte Vik og Over Håland. Ove var ein av dei som var med å fekk Osterøy på tvers igang.
Ørjan Kallekleiv
Stine Hatteberg
Panisset Silvere
Turgåarar frå Reigstad
Steinar Danielsen, Geir Braseth og Per Hemre
Espen Roll Karlsen
Martin Kåstad
Edvin Hesjedal
God stemning på Mjøsvågen landhandel
For dei som heldt ut ekstra lenge var det også eit kveldstilbod.