1. plass 52,30 i klasse menn senior og opprykk til Eliteklassen frå 2027.
Laurdag 9. mai stiller Osterøy IL i Holmenkollstafetten for første gong på elleve år. Stafetten, som ofte blir omtalt som vårens vakraste eventyr har vore arrangert sidan 1923. Første gong Osterøy deltok var i 1950. Rekordmange 5500 lag er påmelde årets stafett, og med 15 etappar kan ein sjølv rekna ut kor mange løparar som er i aksjon.
Osterøy IL stiller i klasse Menn senior saman med 50 andre lag. Starttid for seniorklassen er klokka 12.50. Berre to lag i seniorklassen rykker opp til neste års eliteklasse.
Målet er klart: Opprykk!
Det har vore knallhard kamp om plassane, og OSTERØY IL stiller med desse karane:
1.etappe Bislett 1170m Vegard Trefall
2.etappe Norabakken 1130m Dagfinn Gjerstad
3.etappe 595m Magnus Reigstad
4.etappe Berg og dal 1920m Jonas Lillejord
5.etappe 1210m Thomas Mosevoll
6.etappe Lille Besserud 1250m Espen Roll Karlsen
7.etappe Besserud 1770m Trygve Feidje Mjelde
8.etappe Utforetappen 1780m Magnus Gjerstad
9.etappe Gressbanen 625m Niklas Kollvangsnes Solberg
10.etappe Lengste-etappen 2860m Markus Loftås
11.etappe Frognerparken 1520m Henrik Revheim
12.etappe Den korte etappen 350m Eirik Reigstad
13.etappe 1080m Daniel Bruvik
14.etappe Sjarmøretappen 710m Joar Nøkleby Lemme
15.etappe Bislett 535m Runar Trefall
Resultat dei 10 beste laga Osterøy sin klasse.
  Start nr   Tid
1 1441 Osterøy IL 0:52:30
2 1440 Brandbu IF 1 0:52:46
3 1447 Strindheim IL 1 0:52:56
4 1411 Bratsberg IL 1 0:53:01
5 1430 Spirit friidrett 1 0:53:16
6 1219 SK Vidar M Elite 2 0:53:17
7 1410 Gloppen Friidrettslag 0:53:19
8 1408 Ogndal IL 0:54:00
9 1406 Steinkjer Friidrettsklubb 1 0:54:05
10 1405 Førde Friidrett 0:54:11

 

 

Dagens heltar og opprykk til Eliteklassen i 2027. Tida 52,30 også 13. beste tid totalt (foto: Arne Reigstad)
8 av laget tilbake på Bislett. (foto: Bjarte Lohne)
Trenar og leiar Bjarte Lohne saman med dei nye eliteløparane (foto: OIL)
Dagfinn Gjerstad 2. etappe (foto:OIL)
Gode råd frå rutinerte trenarar før løparane reiser ut til sine vekslingsfelt (foto:OIL)
50 lag på startstrekken (foto:OIL)
1. plass (foto:OIL)