Etter ein bronse og eitt sølv vart det endeleg NM-gull på Vegard Høylo Trefall. Han følte seg veldig pigg og sterk frå start til mål på 800m og såg ut til å ha full kontroll. Tida vart 1.55,18 etter eit lureløp med passering på 60 sek. Vegard løyste det taktiske perfekt, og drog opp tempoet siste 300m og fekk ei luke i siste sving. Gullet smakar nok ekstra godt etter at gullet glapp med ein hundredel i fjor. Det er berre fire ostringar som har klart junior-NM gull på bane; Markus Loftås, Sigrid Borge, Magnus Gjerstad. og no altså Vegard Høylo Trefall. Utruleg nok har Markus, Sigrid og Vegard alle tre vakse opp berre eit steinkast frå kvarandre i Skipahjellen i Haus. Imponerande!
Nok eit stort stevne på Fana Stadion

Junior NM friidrett Fana Stadion 15. – 17.8.2025.

Starttider med atterhald om feil.

Arrangørlink 

238 Dagfinn Gjerstad M-U20
OIL
1500m forsøk fre 4,09,54 og ikkje vidare nr.24 av 40
238 Dagfinn Gjerstad M-U20 OIL 5000m finalesøn nr. 13/24 på 15,37,63 x
196 Daniel Hanstveit M-U23 MIL 400m finale lør nr.3 på 49,42 x
239 Eirik Reigstad M-U20 OIL Høgde finale søn ingen res. x
239 Eirik Reigstad M-U20 OIL Lengde finale fre nr. 9 av 16 med 6,39 (+2,6) 6,17 (+0,8) x
240 Magnus Reigstad M-U23 OIL Lengde finale fre Nr. 2 med 6,65 (+0,5)

 

x
241 Vegard Høylo Trefall M-U20 OIL 800m forsøk lør 1,55,65 finale søn  gull 1,55,18 x
196 Daniel Hanstveit M-U23 MIL 200m dns

Bjarte Vik tilbakemelding frå Fana Stadion.

Då har Dagfinn vore i aksjon som førstemann av våre under junior-NM på Fana. Det gjekk på 4.09,54 i forsøket på 1500m, og det heldt ikkje til finaleplass, men var ei fin gjennomkøyring før 5000m søndag. Passeringane gjekk på 65, 2.11 og 3.22, så det var på tredjerunden det svikta. Heldigvis vakna unge Gjerstad og hadde rundt 47 blank siste 300m. Alle som gjekk vidare på tid, sprang i dette andre av tre heat, og ein måtte ha 3.58 for finaleplass.

 

 

Bjartane har all grunn til eit ekstra smil idag
Alt ei alt blei 5000m ei positiv oppleving for Dagfinn Gjerstad. Han var kvikkare i steget og følgde greitt med det fremre toget der farten vart sett til vel 15-blank. Etter 3000m-passering fekk Dagfinn det litt tyngre i varmen og med magesmerter/kramper siste 1500m var det viktigaste å koma seg greitt i mål. Tida vart 15.37,63 og plasseringa nr. 13 av 24 i U20-klassen. No blir det tre gode treningsveker før UM i Stjørdal der den nybakte Trondheim-studenten spring 3000m og 800m. Dessverre blei det regelrett stang ut for Eirik Reigstad i høgde. Tre riv på opningshøgda 1.71 gav ein rekordrask konkurranse for 18-åringen. Slikt kan skje, men allsidige Eirik kjem garantert sterkt tilbake både i høgde og mange andre øvingar. Han også stiller i UM.
Dagfinn Gjerstad(t.h.) heat 2 1500m forsøk 4,09,54 ikkje vidare (foto:BV)
Magnus Reigstad U23 sølv i lengde med 6,65 (+0,5). Foto:HR. Magnus Reigstad tok fredag sitt fjerde NM-sølv i lengde. Resultatet 6.65 vart sett under litt vanskelege forhold med svært skiftande vind. Det var spenning til siste slutt om det skulle bli sølv eller 4. plass på 22-åringen. I den yngste juniorklassen vart det også svært spennande i lengde. Broder Eirik Reigstad hamna berre nokre små centimeter frå å kvalifisera seg til dei tre siste finaleomgangane, og enda på 9. plass med 6.39 (+2,6).
Daniel Hanstveit U-23 Mjøsdalen bronse på 400m med 49,42 (foto:BV)
Søndag. Vegard Høylo Trefall U-20 gull på 800m 1,55,18. Eirik Reigstad hoppar høgde klokka 12.30, medan Dagfinn Gjerstad spring 5000m 14.35 Vegard minner om Bergan Bygg Brakvatnet Halvmaraton 20. september. Han utfordrar venegjengar, familiar, skular og bedrifter til å stilla stafettlag. (foto:BV)