Osterøy Stadion 13.7.2025. Vegard Høylo Trefall 1,50,85 på 800m, lagsrekord og klar for nordisk juniorlandskamp i Uppsala Sverige 26. og 27. juli.

Uppsala: Resultat 800m 27.7.2025  link til resultat: https://www.easyrecord.se/live?guzUyy

1 Rasmus Laapas 06 Finland 1:51.12 11.00
2 Andreas Dybdahl 06 Norway 1:51.44 9.00
3 Vilmer Karlsson 07 Sweden 1:51.75 8.00
4 Vegard Trefall 06 Norway 1:52.27 7.00
5 Lauri Mononen 07 Finland 1:54.40 6.00
6 August Humeur 06 Sweden 1:55.85 5.00
7 Victor Sandstrøm 06 Denmark 1:56.93 4.00
8 Þorvaldur Gauti Hafsteinsson 07 Iceland 1:57.28 3.00
9 Mikkel Feldborg Nielsen 07 Denmark 1:58.03 2.00

Bjarte Vik med fleire deltaljar frå innsatsen til Vegard nedanfor.

1.52,27 i Sverige er Vegard si nest beste tid på 800m, så formmessig ligg han bra an før NM på Askøy neste helg. Dessverre rauk håpet om 1.50 blank og kvalifisering til U20 EM i Finland. Det vart typisk nok for eit meisterskap eit litt rotete løp, rapporterer Vegard frå friidrettsbussen til Gardermoen. Ein del motvind på bortre langside gjorde at folk vegra seg litt mot å ta teten. Vår mann fekk ryggen på leiaren, men vart litt innestengt då dei to med best pers i feltet gjekk forbi på utsida. Passering 600m på 1.23-talet, men i siste svingen måtte Vegard nesten ut i bane 3 i eit forsøk på å avansera forbi den beste svensken. På oppløpssida vart det mykje kjemping og litt for lite flyt, så det enda med 4. plass av 9 løparar. Dei første plassane tok finnen Rasmus Laapas 1.51,12, norsk-amerikanske Andreas Dybdahl 1.51,54 og svenske Vilmer Karlsson 1.51,75. Vegard er påmeldt 800m i NM, og står per no med den 8. beste tida i landet denne sesongen. Å pynta på 400m-persen står også høgt på prioriteringslista i haust.