STERK OPNING AV BANESESONGEN
Arne Risa Classic svarte til forventningane om ein solid og lovande sesongopning for dei aller kvassaste baneløparane våre på mellom- og langdistanse. På 3000m var Markus Loftås hyrt inn til å vera hare, og han passerte 1500m som bestilt på 4.03. Gular-løparen Tore Akerlie tok over ei lita stund, men hadde ingenting å svara med då Trygve Feidje Mjelde gjekk opp i tet. NM-vinnaren i terreng har vore solid i heile vår, og kom inn på sterke 8.06,54, heile 15 sekund føre nr. 2. Vinden var nokså hard på borte langsida, så det var langt frå ideelle forhold. Løpet gav sjølvtillit og sjølvsagt håp og forventningar om at me ser 7-talet på Trygve under Trond Mohn Games 3. juni. Det er berre å sikra seg billett! Svært gledeleg også med løpet til Dagfinn Gjerstad, som kom inn på 8.34,02, godt under kravet til Hovud-NM på Askøy i august. Ein gedigen opptur etter år med mykje sjukdomstrøbbel. Det er berre å vera tolmodig og ha trua! Jonas Skjerven låg i same gruppe, men var tung i beina og dovna litt bort mot slutten og kom inn på 8.42,90
På 800m var det lagt opp til 52-opning første runden. Berre Gular-løparen Stevik og Trygve-eleven Andreas Fantoft følgde haren, medan vår Vegard Høylo Trefall la seg i rygg på Phillip Morken og passerte på 55. Før passering 600m på 1.23,7 hadde Vegard passert Morken og heldt han bak seg for første gong i samløp. Ny pers på Vegard 1.52,43. (tekst:BV)