
Bli med på årets utfordring i Osterøy-naturen; «Osterøy på tvers» laurdag 31. mai 2025. Fjelløpet startar på kaien i den vakre Bruvik-bygda og går 21,1 km over fjella til Hosanger og har målgang ved Mjøsvågen Landhandleri . Her blir det «Osterøy på tvers-meny», premieutdeling og sosialt samvere for deltakarar og publikum. Det blir garantert mykje liv og heiing i målområdet. Turen blir ein spennande kraftprøve i vakker natur uansett om ein går eller spring. Meld deg på så snart som mogeleg, så har du målet i sikte!
Turklassen har fleksibel start mellom klokka 8 og 9, med fellesstart klokka 9 for dei som ønskjer det. Alle deltakarar må registrera seg ved start på Bruvik og i mål. Dei som går, bør minst rekna 5 timar. I konkurranseklassen brukar dei beste rundt 2 timar.
Påmelding:
Påmelding via EQ Timing
Tidtaking:
EQ Timing for konkurranseklassen. Her finn du resultatet ditt med ein gong du kjem i mål. Det blir også mellomtider på Njåstad.
Maks deltakartal:
Det er sett opp 500 som øvre grense for deltakartal, så ikkje nøl med å melda deg på!
Premiering
Gåvekort frå Sport 1 Åsane til dei tre beste kvinner og menn. Smakfull premiering frå Lerøy Seafood til alle klassevinnarane i konkurranseklassen. I turklassen blir det trekt ut premiar på startnummer. Diplom til alle som vil ha!
Løypa:
Løypa er ein halvmaraton (21,1 km) og går i hovudsak på sti. Det er ei tøff og variert løype med ikkje så langt unna 1307 høgdemeter. Løypa blir i år endå betre merka med godt synlege merkeband og pilar der det er fare for å ta feil veg.
Løypa: Bruvik kai – gamlevegen opp på Brøkdalen – stien til Borgasetra tar av eit stykke før Båtaleitet – sti vidare til Njåstad – beint opp frå Njåstad på grus og sti ned att til Kallekleiv, asfaltveg forbi Myking til Turdalen – sti til toppen Tveitafjellet 556 moh – fin fjellsti før litt bratt skogsterreng ned til Åsheim – gamlevegen på skogssti og asfalt ned mot Hosanger Montesorriskule – på grusvegen bak ungdomshuset og dei siste hundre metrane på asfalt til mål ved Mjøsvågen Landhandleri.
Dei i turklassen som ønskjer ein litt kortare tur, kan starta på Båtaleitet etter registrering på Bruvik.
Løypekart: https://www.strava.com/routes/3091651881001220108
Det vert sjølvsagt spor etter mange føter på stiane, men ut over det oppfordrar me deltakarane til mest mogeleg sporlaus ferdsel over fjella. Ta med deg boss eller kast det i søppelsekkane ved drikkestasjonane eller ved mål.
Drikkestasjonar:
Borgasetra, Njåstad og Turdalen.
For dei i turklassen kan det løna seg å ha med ein liten sekk med drikke og nistepakke.
Startkontingent:
Konkurranseklasse kr 300 (1. mai aukar prisen til kr 350)
Turklasse kr 200 (1. mai aukar prisen til kr 250
Born u/16 år kr 100 (1. mai aukar prisen til kr 150)
Deler av overskotet går til Barnekreftforeininga.
Transport:
For turklassen blir det sett opp to bussar frå Hosanger kyrkje klokka 07.45. Den passerer Lonevåg terminal 08.00 og Kvisti 08.15. Framme Bruvik 08.30.
For konkurranseklassen blir det sett opp bussar frå Hosanger 09.30. Den passerer Lonevåg terminal 09.45 og Kvisti 10.00. Framme Bruvik 10.15.
Påmelding transport på SMS 98679285 (Bjarte Lohne) innan 20. mai. Sørg for å bestilla transport i god tid. Det blir truleg fullt i bussane! Pris buss: 125 kr.
For dei som parkerer bilen på Bruvik (ved kyrkja), vil me oppmoda til å ta med eventuelle haikande i krysset på Kvisti viss det står nokon der på veg til Bruvik. Samkøyring tilbake til Bruvik er også lurt. Du skal få sleppa å gå tilbake same veg, så ta kontakt med arrangøren i målområdet viss du manglar transport.
Bagasjetransport:
Det blir organisert transport av tøy og bagasje frå start til målområdet.
Toalett og garderobar:
Me aukar toalettkapasiteten ved start til eitt i kyrkja ved parkeringa + tre like ved start. Det er toalett ved mål og garderobar i Mjøsdalen Montesorriskule.
Sikkerheit:
Det er viktig å sko og kle seg etter vêrforholda. Arrangøren tilrår sekk med ekstra tøy og mobiltelefon i vasstett pose for å melda frå om uhell undervegs. Me kjem tilbake med eventuell utfyllande informasjon kring sikkerheita når me ser korleis vêrforholda blir.
Deltakarar spesielt i konkurranseklassen må vera merksame på at det er litt bratte parti ned frå Tveitafjellet – så her må ein avpassa farten etter forholda.
Arrangørar:
«Osterøy på tvers» er eit samarbeidsprosjekt mellom fire idrettslag; Osterøy, Mjøsdalen, Fotlandsvåg og Bruvik. Ved spørsmål: kontakt Bjarte Vik (bjartevik30@hotmail, 456 02 908) eller Øystein Øvsthus (oystein@mjosmetall.no, 952 20 456).
Nettsider og Facebook:
Oppdatert informasjon om arrangementet vert etterkvart lagt ut på nettsidene til Osterøy IL og Mjøsdalen IL, og på Facebook-hendinga til Osterøy på tvers.