Tradisjonell årsfest med premieutdeling, pitsa, m.m.   18 på plass i klubbhuset på Osterøy Stadion. Quizmaster og ny leiar i friidrettsgruppa Bjarte Lohne var i varmare strøk.  Avtroppande leiar Bjarte Vik leia årsfesten og kunne som erstatning for Quizen  by på gullkake for Trygve Feidje Mjelde som hadde starta 2025 sesongen med senior NM gull i terrengløp 3 km. Stimulansepremie 2024 gjekk til Henrik Revheim. Det var og nye aktive i seniorgruppa tilstades som vart tildelt jubileumsboka Osterøy IL 100år.   Litt oppsummering av 2024 sesongen

God start på årsfesten og 2025 sesongen
Bjarte Vik med blomster til Trygve for NM gull i terrenglp
Vegard Høylo Trefall fekk 1000 poengnål sine 3 resultat over 1000 tyrving poeng. Karl Johan Reigstad er fast utdelar av poengnålar.
Mest poeng i 1. laga i seriane Menn Senior Magnus Reigstad og gutar Eirik Reigstad. Dei andre med mest poeng på 1. laga i serien var KS Amalie Nithoer Hustrulid, KV Randi Kleppe og MV John Bernes. Fast utdelar av desse utmerkingane er Vidar Simmenes.
NM bonus for NM medalje til Vegard Høylo Trefall, Trygve Feidje Mjelde og Magnus Reigstad
Bonus for lagsrekordar til Trygve Feidje Mjelde (5km) og Vegard Høylo Trefall (600m)
I tillegg til gullkake, NM gullblomster vart Trygve og hedra som årets utøvar for 5. gong.
Pitsa på menyen
Det vart også lodda ut bekledning.
Ganske bra utval i tekstilvarer