Trenerattesten – for alle som er trenarar i Osterøy IL

Kva er Trenerattesten?

Trenerattesten – eit verktøy frå Noregs Idrettsforbund som sikrar at alle trenarar har den kunnskapen dei treng for å skapa eit trygt og godt idrettsmiljø.

Idrettstinget har vedteke at Trenerattesten er obligatorisk for alle som skal vere trenar i norsk barne- og ungdomsidrett. Dette betyr at alle trenarar i Osterøy IL må fullføre Trenerattesten for å kunne vere trenar. Attesten tek deg gjennom dei viktigaste oppgåvene og forventningane som blir stilte til deg som trenar.

Trenerattesten er delt inn i modular tilpassa ulike aldersgrupper, slik at innhaldet er mest mogleg relevant. Han fungerer som ei sjekkliste og eit verktøy som bekreftar at trenarar er på rett spor. I tillegg gir han tilgang til fagstoff og tips frå nokre av Noregs beste trenarar og utøvarar.

Kvifor er Trenerattesten viktig for Osterøy IL?

Me i Osterøy IL ønskjer å vera eit idrettslag der alle føler seg trygge og har det kjekt. Trenerattesten hjelper oss med å nå dette målet ved å skapa ei felles forståing blant trenarar for kva som er viktig.

Slik tek du Trenerattesten:

  1. Logg inn på trener.nif.no
  2. Bruk same brukarnamn og passord som på Min Idrett
  3. Ta attesten – det tek berre 10–20 minutt

Har du spørsmål?

Ta kontakt på post@osteroyil.no eller les meir på idrettsforbundet.no/trener