Karl J Reigstad i tet (fb-foto). 13.8.2024 fyller han 80 år.

Karl J Reigstad fyller 80 år 13.8.2024.

Feiringa tjustartar med kakefest på Osterøy Stadion måndag kveld 12.8.2024

Satsar på det kjem mange på treninga måndag, og at folk har med seg tørt tøy til kakefesten for Karl Johan (80 år) etterpå. Heilt sidan Karl Johan var med og skipa guteklubben «Sportsgutta» på Valestrand i 1956, har han hatt utruleg mykje å seia for friidrettsmiljøet på Osterøy. Friidrettsgruppa ønskjer å markera den runde dagen med ein uformell kakefest i klubbhuset på Hatland etter måndagstrening 12. august. Treninga startar klokka 18.30. Kakefesten blir frå klokka 20 til 21. Kjekt viss folk blir med og rører litt på skrotten først. Det vil i så tilfelle vera i jubilantens ånd. Velkomen!

Karl J Reigstad er æresmedlem i Osterøy IL.  Han har markert seg på mange felt i laget. Sportsleg mest i friidrett og ski, som trenar, dommar, administrative verv, forteljar med god husk.  No som 80 åring er han og kona også flytta «heimatt» berre 50 meter frå barndomsheimen på Reigstad.

Gratulerar!