Knepent tap for 2001-spelarane.

 

Torsdag 27. mai spelte 2001-gutane og jentene kamp på Hatland mot Bergen Nord Anton sine gutar.
Våre spelarar vart delt inn i 3 ulike lag som vart bytta etterkvart slik at alle fekk lik speletid. Dette fungerte veldig godt.

Bergen Nord Anton kom best i gong, våre spelarar møtte dei med litt for stor respekt, så etter 1. omgong stod det 1-6. Men når me fann ut at me kunne laga mål også, snudde kampen og mot slutten av 2. omgong, stod det plutselig 6-6.
Spelarane våre var veldig ivrige og viste til tider eit kjempeflott spel, men Bergen Nord Anton fekk 2 mål til på slutten, så vart eit knepent tap.

Her litt bilder frå kampen;