God stemning i målområdet
Målområdet Mjøsvågen landhandel på Hosanger (fbfoto)
96 personar startklare på Bruvik

Første mann i mål Jan Tore Tellefsen på løyperekord 1,55,30. Også løyperekord i kvinneklassen av Silje Oksholm Arnøy på 2,12,54

Osterøy på tvers 1. juni 2024 (eqtiming.com)       kondis oppslag

Resultat 1.6.2024 (96 i mål) (6 dns) I turklassen 230 påmeldte

1 127 Silje Oksholm Arnøy Bergen K23-34 2:12:54.0
2 142 Ingrid Gaarder Bergen K23-34 2:14:59.0
3 146 Margunn Bye Tøsdal Sædalen Idrettslag K35-39 2:16:08.0
4 136 Rebecca Hilland Bergen Løpeklubb K40-44 2:17:11.0
5 107 Elisabeth Tangen Haug HSI K45-49 2:24:58.0
6 189 Martha Teigen Varanes Dimmelsvik K23-34 2:28:21.0
7 191 Helene Morken Bønes K23-34 2:32:22.0
8 129 Bodil Hjellvik Askeland Stord IL K60-64 2:37:36.0
9 180 Karina Tysse Mjøsdalen K40-44 2:40:54.0
10 182 Gørill Samland Eik Uskedalen IL K40-44 2:42:45.0
11 113 Cecilie Meling Bergen K23-34 2:42:49.0
12 121 Stine Hatteberg Rosendal K35-39 2:45:54.0
13 122 Maria Krakus Bergen K23-34 2:49:21.0
14 199 Ingrid Raniseth Valestrandsfossen K40-44 2:52:31.0
15 186 Trine Hysing-Dahl Bergen K40-44 2:52:49.0
16 117 Birte Hellen Bønes K60-64 2:55:08.0
17 164 Kari-Anne Simonsen Isdalstø K40-44 3:06:20.0
18 160 Ragni Nordås Opptur Løpeklubb K50-54 3:09:51.0
19 120 Evelynn Vevle Lone Bergen K23-34 3:16:22.0
20 175 Mari Hammer Valestrandsfossen K16 3:17:25.0
21 177 Ann Marit Hammer Osterøy IL K45-49 3:17:28.0
22 202 Audny Tveit K55-59 3:22:55.0
23 161 Hilde Monssen Opptur Løpeklubb K55-59 3:25:38.0
24 125 Marit Mosevoll Nyborg K23-34 3:42:25.0
25 105 Ingvild Mosevoll Bergen K23-34 3:42:26.0
26 106 Hilde Finsås Kalandseidet K35-39 4:02:29.0
26 104 Patricia Rojas Fyllingsdalen K23-34 4:02:29.0
28 144 Kjersti Lillejord Lonevåg K23-34 4:23:56.0
28 143 Madelen Reigstad Lonevåg K40-44 4:23:56.0
1 172 Jan Tore Tellefsen BFG Bergen Løpeklubb M40-44 1:55:30.0
2 194 Andreas Søfteland Medvind Assistanse M40-44 2:03:52.0
3 200 Karl Pettersson FRI IL M35-39 2:04:49.0
4 198 Magnus Gjerstad Osterøy IL M23-34 2:06:09.0
5 183 Henrik Horsås Osterøy IL M40-44 2:08:17.0
6 181 Sveinung Kalstveit Skjoldar IL M23-34 2:08:24.0
7 152 Håkon Amundsen Nesheim Varegg Fleridrett M23-34 2:10:47.0
8 116 Sondre Mjøs Mjøsdalen IL M23-34 2:10:56.0
9 123 André Aasen BFG Bergen Løpeklubb / Onesubsea M23-34 2:12:40.0
10 126 Marius Hauge Osterøy IL M35-39 2:15:27.0
11 111 Thomas Nilsen Mjøsdalen IL M40-44 2:15:30.0
12 176 Ørjan Andersen Fana il Langrenn M45-49 2:16:01.0
13 148 Eirik Blomdal Indre Arna M40-44 2:18:36.0
14 101 Lasse Hope Lofthus M23-34 2:19:00.0
15 167 Espen Mellingen Mjøsdalen IL M23-34 2:20:45.0
16 184 Dag Ove Njøtøy Backe Bergen M50-54 2:21:25.0
17 159 Rolf Lien Stord M55-59 2:21:32.0
18 171 Thor-Andre Søyland BFG Bergen Løpeklubb / Stend vgs M35-39 2:23:09.0
19 114 André Vike Blubbelubb Sportsklubb M35-39 2:23:40.0
20 170 Knut Gilberto Sæbø Idrett Uten Alkohol M23-34 2:24:02.0
21 163 Torbjørn Småland Osterøy IL M40-44 2:25:29.0
22 173 Jan Egil Deinboll Opptur Motbakkeklubb M45-49 2:28:20.0
23 166 Bjarte Falch Stim AS M40-44 2:29:02.0
24 153 Stian Grieg Grieg Team M23-34 2:29:04.0
25 135 Magne Espelid Mjøsdalen IL M60-64 2:32:49.0
25 192 Gisle Raknes Osterøy IL M50-54 2:32:49.0
27 141 Aurimas Vasiliauskas Gunnebo Anja. M35-39 2:34:10.0
28 119 Arild Risnes Loddefjord M23-34 2:35:03.0
29 149 David Sletteland Bergen M35-39 2:35:56.0
30 134 Tore Bergesen Consto M23-34 2:35:59.0
31 131 Marius Hopland Consto M23-34 2:36:34.0
32 109 Magnus Mjøs Mjøsdalen IL / Mjøsdalen / Mjøs Metallvarefabrikk A/S M40-44 2:38:01.0
33 168 Steinar Størkson Opptur Løpeklubb M50-54 2:39:04.0
34 108 Erling Kolstad Forland Laksevåg M23-34 2:39:49.0
35 169 Øystein Hanstveit Fotlandsvåg M60-64 2:40:45.0
36 145 Tor Henning Erdal Osterøy IL M40-44 2:40:49.0
37 115 Jørn Hjelmeland Dimmelsvik M50-54 2:45:04.0
38 157 Tom Svendsen Bergen Triathlon Club M50-54 2:45:32.0
39 147 Kjetil Iden Fil Aks-77 M50-54 2:47:34.0
40 155 Odd Halvor Mosevoll Valestrandsfossen M50-54 2:49:15.0
41 132 Thomas Langeland Valestrandsfossen M23-34 2:51:39.0
42 118 Daniel Fossbakken Fotlandsvåg IL M35-39 2:51:40.0
43 112 Tor Svanøe Nesttun M40-44 2:53:25.0
44 124 Øyvind Litland Mjøsdalen IL / Mjøsdalen / Mjøs Metall M55-59 2:53:26.0
45 156 Lars Ove Seglem Rlk M50-54 2:55:37.0
46 190 Tonny Halleland Haus M50-54 2:56:40.0
47 140 Jøran Hellestø Loddefjord M20-22 2:58:34.0
48 158 Jonny Hanstvedt Gunnebo Anja M55-59 2:59:11.0
49 196 Jan Michalek Bruvik M40-44 3:00:21.0
50 197 Jan Hesjedal M60-64 3:02:44.0
51 130 Helge Lidtun Klubblaus M40-44 3:04:04.0
52 110 Heine Lohne Valestrandsfossen M35-39 3:05:55.0
53 165 Stian Simonsen Isdalstø M45-49 3:06:19.0
54 133 Magne Vikne Osterøy IL M70-74 3:06:34.0
55 154 Rune Gjerstad Mjøsdalen IL M65-69 3:07:33.0
56 193 Anders Mjelde Osterøy IL M23-34 3:09:17.0
57 174 Halvard Grøttveit Nordhordland Brann og Redning M55-59 3:15:38.0
58 162 Jan-Tore Gjervik Varegg Fleridrett / Varegg/Fjellgeitene /Melkesyre M55-59 3:17:17.0
58 128 steffen gjøstein Lonevåg M23-34 3:17:17.0
60 179 Bjørn Hisdal Straume M23-34 3:17:27.0
61 195 Andreas Mjelde Haus M20-22 3:19:32.0
62 201 Geir Ove Tveit Bekkjarvik M60-64 3:22:58.0
63 185 Ove Arne Bernes Mjøsdalen il M70-74 3:25:13.0
64 137 Christian Nøttveit Seilen Valestrandsfossen M23-34 3:34:08.0
65 178 Adrian Kydland Skaftun Stanghelle M23-34 3:35:20.0
66 187 Anders Boge Mjøsdalen IL M70-74 3:39:26.0
66 188 Trygve Njaastad Mjøsdalen IL M70-74 3:39:26.0

 

Resultat frå løpet 3.6.2023 

Bli med på årets utfordring i Osterøy-naturen; «Osterøy på tvers» laurdag 1. juni 2024. Fjelløpet startar på kaien i den vakre Bruvik-bygda og går 21,1 km over fjella til Hosanger og har målgang ved Mjøsvågen Landhandleri (https://www.facebook.com/hosanger).
Her blir det «Osterøy på tvers-meny», premieutdeling og sosialt samvere for deltakarar og publikum. Turen blir ein spennande kraftprøve i vakker natur uansett om ein går eller spring. Meld deg på så snart som mogeleg, så har du målet i sikte!
I år startar turklassen klokka 9 og konkurranseklassen klokka 11. Dermed blir det ekstra liv og heiing i målområdet. Dei aller beste brukar rundt 2 timar på distansen. Dei som går, bør minst rekna 5 timar.
Påmelding:
Påmelding via EQ Timing https://live.eqtiming.com/68895#dashboard. Etterpåmelding før start mot eit lite ekstra tillegg. Det er både turklasse og konkurranseklasse. Premiering til alle klassevinnarane i konkurranseklassen, og i turklassen blir det trekt ut premiar på startnummer.
Tidtaking:
EQ Timing for konkurranseklassen. Her finn du resultatet ditt med ein gong du kjem i mål. Det blir også mellomtider på Njåstad.
Løypa:
Løypa er ein halvmaraton (21,1 km) og går i hovudsak på sti. Det er ei tøff og variert løype med ikkje så langt unna 1307 høgdemeter. Løypa blir godt merka med synlege merkeband i alle stikryss og der det er fare for å ta feil veg.
Løypa: Bruvik kai – gamlevegen opp på Brøkdalen – stien til Borgasetra tar av eit stykke før Båtaleitet – sti vidare til Njåstad – beint opp frå Njåstad på grus og sti ned att til Kallekleiv, asfaltveg forbi Myking til Turdalen – sti til toppen Tveitafjellet 556 moh – fin fjellsti før litt bratt skogsterreng ned til Åsheim – gamlevegen på skogssti og asfalt ned mot Hosanger Montesorriskule – grusveg og asfalt til mål ved Mjøsvågen Landhandleri.
Dei i turklassen som ønskjer ein litt kortare tur, kan starta på Båtaleitet etter registrering på Bruvik.
Løypekart: https://www.strava.com/routes/3091651881001220108
(Takk til Vegard Magnussen)
Det vert sjølvsagt spor etter mange føter på stiane, men ut over det oppfordrar me deltakarane til mest mogeleg sporlaus ferdsel over fjella. Ta med deg boss eller kast det i søppelsekkane ved drikkestasjonane eller ved mål.
Drikkestasjonar:
Borgasetra, Njåstad og Turdalen.
For dei i turklassen kan det løna seg å ha med ein liten sekk med drikke og nistepakke.
Startkontingent:
Konkurranseklasse kr 250
Turklasse kr 200
Born u/16 år kr 100
Etterpåmelding før start: 50 kr i tillegg.
Deler av overskotet går til Barnekreftforeininga.
Transport:
For turklassen blir det sett opp buss frå Hosanger klokka 08.00. Den passerer Lonevåg 08.15 og Kvisti 08.30.
For konkurranseklassen blir det sett opp buss frå Hosanger 09.45 (ikkje 10,00) Den passerer Lonevåg 10.00 og Kvisti 10.15
Påmelding transport på SMS 952 20 456 (Øystein Øvsthus) seinast 30. mai. Sørg for å bestilla transport i god tid. Det blir truleg fullt i bussen! Og kanskje må me ha to bussar. Pris buss: 100 kr.
For dei som parkerer bilen på Bruvik (ved kyrkja), vil me tru det ordnar seg med skyss tilbake med andre deltakarar. Arrangøren vil oppmoda til samkøyring.
Bagasjetransport:
Det blir organisert transport av tøy og bagasje frå start til målområdet.
Sikkerheit:
Det er viktig å sko og kle seg etter vêrforholda. Arrangøren tilrår sekk med ekstra tøy og mobiltelefon i vasstett pose for å melda frå om uhell undervegs. Me kjem tilbake med eventuell utfyllande informasjon kring sikkerheita når me ser korleis vêrforholda blir.
Deltakarar spesielt i konkurranseklassen må vera merksame på at det er litt bratte parti ned frå Tveitafjellet – så her må ein avpassa farten etter forholda.
Arrangørar:
«Osterøy på tvers» er eit samarbeidsprosjekt mellom fire idrettslag; Osterøy, Mjøsdalen, Fotlandsvåg og Bruvik. Ved spørsmål: kontakt Øystein Øvsthus (oystein@mjosmetall.no, 952 20 456) eller Bjarte Vik (bjartevik30@hotmail, 456 02 908).
Nettsider og Facebook:
Oppdatert informasjon om arrangementet vert etterkvart lagt ut på nettsidene til Osterøy IL og Mjøsdalen IL, og sjølvsagt også på denne Facebook-hendinga her.