Årsmøte i Osterøy IL 21. mars 2023

Valet  gjekk også greitt gjennom der Ragnhild Balsvik heldt fram som leiar for 2023. Saksdokumenta m.m. vart sendt ut til medlemane ei veke før årsmøtet.

Første jobben som attvald leiar var å dela ut blomster og plakett til Øyvind og Bernt Johan (foto under)

Ein stor delegasjon med små frå og store frå skigruppa dukka opp etter årsmøtet for å hylla dei 2 nye æresmedlemane.

Ikkje ofte at det vert servert blautkake på årsmøte.

Når Øyvind og Bernt er på oppdrag er det viktig å vise kva land dei kjem frå.

Bernt Johan takkar for oppnemninga og nytta høvet til å mimra litt frå livet som skismørjar både på Osterøy. rundt omkring i landet og i utlandet.