Påske Cup – Palmefredag 30. mars
No er det snart tid for den årvisse – og etterkvart svært populære – Påske Cupen i Osterøyhallen. Påske-Cupen er ei volleyballtunering for både aktive, veteranar og mosjonistar der det sosiale står i sentrum. Arrangørar er Fotlandsvåg IL og Osterøy IL, volleyball.
Turneringa vert klaska i gang – som ein slapp hoppserve – palmefredag 30. mars og vert avslutta samme dag. Det vert først innleiande rundar i puljer før "vinn eller forsvinn" mentaliteten tek over i sluttspelet.
Påmelding må skjer etter "først til mølla" prinsippet. Arrangørane har sett eit tak på 20 påmeldte lag – så du må vera kjapt ute. Frist for påmelding er satt til tirsdag 13. mars. Det er verd å merke seg at det ikkje vert noko turnering dersom mindre enn 10 lag vert påmeld.
Ta ein ringerunde og mobiliser dine "sofa-pote-venner" til ei sportsleg og artig påskeinnleiing