Om fotballgruppa:

Fotballgruppa i Osterøy IL består av om lag 300 betalande medlemmar, kor om lag 200 av desse er aktive. Klubben har lange fotballtradisjonar, kor fotballaktiviteten i klubben byrja tidleg på 1920-talet. I dag har gruppa eit sportsleg tilbod til alle frå 6-årsalderen og heilt fram til seniorfotballen.

Vår visjon er

  • eit optimalt sportsleg og sosialt tilbod til alle!

Heimebana vår er i Lonevåg, kor me har éi kunstgrasbane og éi grasbane. På grunn av samarbeid med Fotlandsvåg IL og Arna Bjørnar Fotball (på damesida), kan det òg vere at me speler heimekampane våre i Fotlandsvåg eller i Arna.

Seniorlaga våre er flaggskipa våre, kor det beste herrelaget er etablert i fjerde divisjon (femte nivå i norsk fotball) og damelaget vårt ligg i femte divisjon (sjette nivå i norsk fotball).

Fotballgruppa betyr mykje for nærmiljøet, og det er stort engasjement rundt klubben – både når det gjeld supporterar og sponsorar.

Medlemsmøte er OIL fotballgruppa sin høgaste myndigheit og vert halde kvart år i februar. Oppgåvene til årsmøtet er nærare beskrive i lovene til idrettslaget. Styret er den høgaste myndigheita i fotballgruppa mellom medlemsmøta. Det er styret som, saman med dagleg leiar i klubben, er ansvarleg for drifta av fotballgruppa gjennom året.

For meir utfyllande informasjon om fotballgruppa, sjå klubbhandboka vår.

 

 

 

Kvalitetsklubb

Osterøy IL Fotball er stolt av å vere sertifisert som kvalitetsklubb! Dette er ei sertifisering som forpliktar oss til å jobbe målretta for mot visse krav i frå NFF. Målet er at me skal ha «klubben som sjef», i staden for å vere personstyrt. Dette inneber at me skal utarbeide retningslinjer og prosedyrar for korleis ting skal gjerast i klubben vår, og klubbhandboka skal brukast som eit retningsgjevande dokument. Den skal sikra kontinuitet i det som vert bestemt og gjort.

Klubbhandboka er laga av styret i fotballgruppa etter innspel frå utval, trenarar, utøvarar og foreldre. Handboka er eit arbeidsverktøy for alle medlemar, spelarar, foreldre, styret, utval, tilsette, trenarar og dommarar. Handboka skal nyttast til å forstå og kommunisera kva som er viktig i Osterøy IL, kva for klubb me er, kva me skal oppnå, kva me tilbyr, og korleis me gjer ting. Handboka skal vera levande og skal oppdaterast fortløpande. Har du innspel til endringar, ta kontakt med styret i fotballgruppa eller send ei melding til post@osteroyil.no.

Lenkjer: