Invitasjonar

 

INVITASJON HaFo 2007

 

Osterøy IL har den gleda å kunna invitera Dykk til vår opningsseremoni i

HaFo 2007 i Osterøyhallen laurdag 24. mars kl. 10.00.

 

HaFo 2007 fokuserer på ballsidigheit gøy og moro med positiv aktivitet for
3. – 7. klassane på Osterøy.
I ei heil helg vil skulebarna samlast til positiv aktivitet i dette arrangementet som vert avvikla med spel på tre baner på tvers av salen samstundes.
Kamptid frå 2×6 min med ein omgang handball og ein omgang fotball.
Dei yngste spelar laurdag mens 6. og 7. klasse spelar begge dagar med finalar på søndag. Endeleg program vil verta lagt ut på heimesida vår: www.hafo.info

HaFo 2007 er eit samarbeidsprosjekt mellom Handball og Fotballgruppa med handballgruppa som ansvarleg arrangør.

Alle 60 personane i arrangørstaben vil gå i like genserar med Lions sin Logo Nei til Narkotika på ryggen.

I samarbeid med Tysse Mek Jakta Metall Laksevåg Sport og Sparebanken Vest kan me  tilby dette arrangementet gratis for alle både å delta og sjå på.

Alle deltakarane vil få premie.

Opningsseremoni inneheld:

Offisiell opning ved kommunesjef for oppvekst Astrid Brandal Øvsthus.

HaFo–sang framført av 6 unge lokale talent med Steinar Vatle som kapellmeister.

Oppvisningskamp i HaFo mellom Tertnes(damer) og Brann(herrer).

Ordførar Kari Foseid Aakre vil dela ut banens beste – pris til beste HaFo-spelar i oppvisningskampen et maleri gitt av HaFo – kunstnar  Kjerstin Njåstad.

 

Reserverte plassar på tribuna til opningsseremoni laurdag 24. mars kl. 10.00.

Svar til Atle Bøe om De har høve til å koma; anten via mail atle.boe@c2i.net eller mobil 907 82 826.

 

Velkomen frå Arrangørkomiteen:          

Anne Lise HoshovdeTore Langeland Ivar Solberg Tony Lillefosse og Atle Bøe.

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar