Informasjonsskriv
Informasjonsskriv
HaFo-turnering 24. -25. mars 2007
Kva er HaFo?
HaFo er ein omgong med handball og ein med fotball. Omgongane varar maks ti minutt kvar. Det deltek 5 spelarar inkl. målvakt på handballdelen og tilsvarande 4 på fotballdelen. Det kan nyttast inntil tre innbytarar. Det vil verta
jente og guteklassar frå 3. til 7. klasse. Miksklasse er også eit alternativ.
Dei yngste spelar lørdag mens 6. og 7. klasse spelar begge dagar med finalar søndag.
Ein vil vera smidige i praktiseringa av reglane for aldersinndeling særleg av omsyn til dei skulane med få elevar.
Konsept
HaFo-konseptet byggjer på dei fire turneringane som allereie er avvikla:
Gratis for både deltakarar og publikum
Premiering til alle
Ballsidigheit alle kan delta
Samarbeid og samhald
Gøy og moro
Positiv aktivitet
Gjennomføring
Arrangementet vil gå føre seg 24. og 25. mars i Osterøyhallen med spel på tre baner på tvers av hallen. Tertnes og Brann vil kasta glans over opninga. Prisen for banas beste er i år eit maleri av HaFo–kunstnar Kjerstin Njåstad.
Ordførar Kari Foseid Aakre stiller også i år opp for HaFo-konseptet der også markering av Nei til Narkotika er viktig.
HaFo–sangen vert framført av unge lokale talent med Steinar Vatle som kapellmeister.
Ansvarleg arrangør er handballgruppa i nært samarbeid med fotballgruppa i Osterøy IL.
5-årsjubileum
I år er det femårsjubileum for arangementet. Tertnes og Brann gjev derfor 5 signerte baller kvar som vert delt ut til 10 av deltakarane. Teiknefilmframsyning i lag med maskot mest for dei yngste. Me vonar på godt samarbeid slek at flest mogeleg av skulebarna kan koma saman HaFo-helga til positiv aktivitet.
Meir detaljar finn ein på www.hafo.info
Beste helsing frå arrangørkomiteen
Anne Lise Hoshovde Tore Langeland Ivar Solberg Tony Lillefosse og Atle Bøe