Info fra Frde

«

Sport1 Cup 2.-4.september 2016

Førde IL – Handball inviterer til Førde Handball Cup ei turnering open for alle lag tilslutta Noregs Handballforbund og etter NHF`s reglement.

Turneringa er meint som ein ”Kick off ” før sesongstart for spelarar trenarar og dommarar.
Førde IL – Handball inviterer til Førde Handball Cup ei turnering open for alle lag tilslutta Noregs Handballforbund og etter NHF`s reglement.

Turneringa er meint som ein ”Kick off ” før sesongstart for spelarar trenarar og dommarar.

Vi lovar ei innhaldsrik handballhelg i Førde den 2. – 4. september 2016.

Kampane vert avvikla i Førdehuset og overnatting vert på skular like ved hallen. Dersom stor pågang er det aktuelt at nokre innleiande kampar laurdag vert avvikla i Naustdal (då evnt 16 års kampar).

 

Klasseinndeling:

J10-2006 og yngre        G10-2006 og yngre

J11-2005 og yngre         G11-2005 og yngre

J12-2004 og yngre        G12-2004 og yngre

J13-2003 og yngre        G13-2003 og yngre

J14-2002 og yngre        G14-2002 og yngre

J15-2001 og yngre        G15-2001 og yngre

J16-2000 og yngre       G16-2000 og yngre

Kvinner og Menn Senior        3.divisjon og lågare

(Ved liten påmelding i en oddeklasse – vert laga tilbode om å delta i klassen over)

 

Spelesystem: Innleiande kampar vert spelt i puljar på fortrinnsvis 4 lag og spelt som seriesystem.
Alle lag er garantert minimum 4 kampar. Klassane J/G 12 og eldre går til sluttspel og finalespel. Planlagt speletid pr. kamp: t.o.m. 11 år 1x 15 min øvrige 1x 20 min

Premiering: Alle spelarar i J/G 11 og yngre får individuell medalje. Pokaler (1 2 og 3 plass) for dei øvrige klassane.
Påmelding:
All påmelding skjer på Førde IL Handball`s heimeside www.fil-handball.no
Siste frist for påmelding/turneringsavgift er 01. Juli 2016.
Eventuelle spørsmål knytt til kampoppsett: dagfinn.vik@enivest.net

Vi tek atterhald om at turneringa kan bli fullteikna så ver rask og meld deg på. Godkjend påmelding når turneringsavgifta er betalt.

Turneringsavgift (påmeldingsavgift):
Kr 1200- pr lag
Deltakarkort: (1 leiar gratis pr. lag)
A-kort: Kr 250