Vinterakademiet 15/16 i full gong!

Instruktør Vidar Fossdal oppsummerer første økt; – Dette var kjekt!

Heile 54 gutar og jenter i alderen 9-13 år (f2006-2002) melde seg på Vinterakademiet – og det berre på ei vekes varsel. Laurdag då første treningssamling vart gjennomført var 37 av desse tilstades og gjennomførte ei god økt. – Me synes dette var kjempekjekt, oppsummerte hovudtrenar Vidar Fossdal på vegne av instruktørane etter samlinga var over. Så kjekt, faktisk, at økta vart forlenga med eit godt kvarter.

Ungane let til å ha det kjekt ōg. Øvelsane, som denne gong var fokusert på oppvarminga, det å springa riktig og overtalsspel i firkant, vart gjennomført av ein fokusert gjeng. Det vart ōg tid til avslutningsøvelsar og boks-spel for nokre av gruppene. Gruppene er delt inn etter alder og ferdighetar.

– Eg er imponert over kor fokusert ungane var, og kor seriøst dei tok dette, fortel Fossdal til osteroyil.no. Han trur at dei aller fleste deltakarane vil merka stor framgong og utvikling over vinteren. – Kvar økt skal me ta for oss nye tema med ting som gjerne ikkje det vert like god tid å terpa på i den vanlege treningskvardagen i dei aldersfastsette laga. 

Fossdal ymtar ōg frampå om at det kan verta aktuelt å benytta seg av skulefrie dagar til å køyra litt lengre økter dersom det er stemning for det. – Dette får me sjå litt på etterkvart, seier Fossdal.

Han legg til slutt til at det framleis er ledige plasser på akademiet. – Me er 54 no og set eit tak på 60 denne gongen. Informasjon om påmelding er å finna på klubben sine heimesider, og ein treng ikkje spela i gult og grønt for å vera med; me tek i mot motiverte ungar frå andre klubbar ōg, sluttar Fossdal.

Oppvarming leia av G16

Oppvarming leia av instruktørar frå G16

Overtalsspel, 3 mot 1, i firkant

Instruktørane Andreas Bruvik (t.v) og Joachim Aarbakke merka stor framgong på kort tid i jentegruppa.

6 målvakter var tilstades under første økt, leia av Adrian Piekos og Jørgen Birkelid. Her er det Morgan Nonås (t.v) og Elias Eknes som får instruksar frå Piekos (bakerst) 

Aktivitetar

03 mar
05 mar
07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar