Dei gode hjelparane 1


Veronica og Irene i kiosken


Debuterer i ny ”kakebu”

Ein vanleg septembertorsdag i Osterøyserien finn vi Veronica Ahmer og Irene Fanebust Eknes ved vaffeljernet og pølsegryta.

Det er første gongen dei er i den nye kiosken på tribuna. ”Me har sett fram til å vere i den nye kiosken. Her er det stort og fint”, seier dei to. På spørsmål om kundane finn fram svarer dei at det kanskje kunne vore lurt med nokre skilt nede på bana som viste veg til kiosken. ”Kanskje får me selt fleire vaflar då?” (Her får styret i fotballgruppa noko å tenkje på..)

”Har de svidd mange vaflar i dag?” spør eg. ”Ingen! Men sikringa klarte ikkje to vaffeljern samstundes, mens me fann ut av det sprakk pølsene, men vert dei ikkje ekstra gode då??” Ingenting å seie på stemninga i kakebua…
Tekst og bilete: Ragnhild Balsvik.