Dei gode hjelparane

Osterøy IL treng mange gode hjelparar for at me skal kunne gje eit variert tilbod om aktivitet og konkurransar  til born, ungdom og vaksne.  Styret i Osterøy IL ønskjer  å visa fram nokre av dei mange hjelparane våre og den aktiviteten som dei bidreg med.  Kvar veke framover har vi ambisjonar om å komme med ein liten reportasje om ”dei gode hjelparane”. 

Osterøy IL treng mange gode hjelparar for at me skal kunne gje eit variert tilbod om aktivitet og konkurransar  til born, ungdom og vaksne.  Heldigvis har vi det: mange gode hjelparar! I eit stort idrettslag som Osterøy IL  trengst det hovud og hender til mange ulike aktivitetar for å få hjula til å gå rundt. Styret i Osterøy IL ønskjer  å visa fram nokre av dei mange hjelparane våre og den aktiviteten som dei bidreg med.  Kvar veke framover har vi ambisjonar om å komme med ein liten reportasje om ”dei gode hjelparane”.  På denne måten vil me takka alle dei som seier JA! til å gjere ein innsats for idrettslaget; enten de kjem med i vår nye reportasjeserie eller ikkje.  Kanskje kan det inspirere fleire til å verte ”gode hjelparar”?

Redaksjonskomiteen for serien ”Dei gode hjelparane” er Ragnhild Balsvik, Tore Langeland og Eystein Markmanrud. Alle er inviterte til å lage reportasjar og sende til redaksjonskomiteen.  Tekst og bilde kan sendast til post@osteroyil.no

For styret i Osterøy IL

Ragnhild Balsvik