RETNINGSLINJER PÅ TRENING
For å håndtere over 150 born og vaksne over ein kort periode er det viktig at alle tar hensyn og respekterar reglar satt av turngruppa. Dette er for å ivareta helse, miljø og sikkerheit for alle som trenar hos oss.
Me ber dykk difor om å gå igjennom punkta saman med borna og forklare kva forventningar me har når dei kjem i hallen.
MØT PRESIS TIL TRENING!
TRENINGSTØY
-
Alle borna bør ha på seg eigna treningstøy. Unngå lause klede som kan være til hinder for treninga og sikring. Unngå bruk av kjole/skjørt, dette av sikkerhetsårsaker.
-
Bruk sokkar med antiskli. Til dømes: FlipZone-sokkar og turnsokkar. Det er også mogleg å gå barfot, men det er svært kaldt golv i hallen.
-
Hugs strikk i langt hår og unngå smykker og øyredobber.
GARDEROBE
-
Bruk garderobane til yttertøy/sko.
-
Gymleik 4-5år nyttar garderobe 1 & 2
-
Turn 6-7år nyttar garderobe 1
-
Turn 8-9år nyttar garderobe 2
-
Turn 10-12år nyttar garderobe 3
-
-
Me ynskjer at bornet har kledd av seg og tatt på turnsokkar før dei kjem inn til trening.
-
OBS! Ikkje la verdisaker ligge i garderobane.
VENT MED Å GÅ INN I HALLEN:
-
Av sikkerheitsårsaker og til hensyn for andre parti ber me dykk vente i foajè/garderobe til treninga starter.
-
Gymleik 4-5år ventar i foajè/garderobe
-
Turn 6-7år ventar i garderobe 1
-
Turn 8-9år ventar i garderobe 2
-
Turn 10-12år ventar i garderobe 3
-
-
Til hensyn for pågåande trening i hallen ber me om at dykk ikkje går inn i hallen der turntreninga pågår.
DRIKKEPAUSE
-
Ha med drikkeflaske med vatn.
-
Trenarane styrar drikkepausar. Drikking utanom pausane er med på å skape uro for dei andre borna, dette skal difor unngås.
TOALETTBESØK
-
Fint om toalettbesøk er unnagjort før trening for å unngå uro kring dette. Trenarane har ikkje mulighet til å følgje utøvarar på toalettet under treninga.
FØRESATTE/SYSKJEN
-
Det er ikkje mogleg at føresette er med i salen under trening (gjeldt ikkje Gymleik). Me ynskjer at føresette sit i foajèen under treninga.
-
Det er ikkje mogleg at syskjen er med i salen under trening