HaFo 2012

Nok ei kjekk HaFo helg!

10. gong med HaFo er no over, og styret vil takka alle som har gjort ein

flott innsats heile helga for å gjera dette flotte arrangementet mogeleg;

 

*   HaFo-komitéen som har organisert vaktlister, innkjøp, tilrigging,

 opprydding og mykje meir; ein strålande innsats.

*   Kjell, vår eminente speaker som loste oss fint gjennom heile

arrangementet.

* Terje m/besetning; full kontroll over dømminga både lørdag og

søndag.

* Jenter 12-14 og 16; nydelig og rørande HaFo dans samt flott innsats

i sekretariat, kioskar etc.

 

Også ei stor takk alle foreldra som stilte opp som vaktar og med kakebaking!

 

Vart 3 veldig spennande og jevne finaler på søndag, første vart spelt i 6.

klasse jenter mellom Valestrand og Lonevåg, her gjekk Valestrand-jentene av

med sigeren 2-1.

I den andre finalen i 6.klasse gutar mellom Bruvik og Hauge, var det Hauge

som til slutt trakk det lengste strået, 6-7 vart resultatet her.

I tredje og siste finale i 7. klasse mix mellom Fotlandsvåg og Valestrand

var det spenning til siste slutt, Valestrand vann til slutt med 1 mål med

resultatet 9-10.

 

I opningskampen som vart spelt lørdag mellom a-laga til Osterøy og

Valestrand/Hjellvik, vann Osterøy komfortable 8-3, siger både i handball- og

fotballdelen.

Me vil fortløpande leggja ut bilder av alle laga som var med i årets HaFo, så berre å følgja med!

 

Styret



 

Aktivitetar

07 mar
10 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
01 mai
4. div: Tertnes – Osterøy IL
Åstveit Idrettspark
01 mai
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai