Tap mot Voss for jenter 12

Innmarsj og navneopprop.

Årets første seriekamp var denne lørdagen mot Voss, jentene hadde friskt i minne haustkampen på Voss som enda med eit stort tap.

Men dei gjekk friskt ut og gjekk først opp i leiing, Voss fylgde tett opp, og resultatet var jevnt heile første omgong, til pause stod det 3-5.

Keeper Åse Iren hadde fleire flotte redningar og jentene våre spelte bra i forsvar.

I andre omgong sleit våre jenter med å scora, vart for lette skot inn mot Voss sin keeper, og det vart berre 1 mål på oss i denne omgongen, totalt 4 mål, alle av Maria.

Kampen enda med tap 4-11, trass tap ein stor framgong frå førre kamp mot Vossatausna.

Kjekt å sjå at jentene har begynt å spela godt ilag, einaste som manglar no er eit litt meir aggresivt angrepsspel.

Linda og Thor-Eivind gjorde ein strålande jobb i sekretariatet.

Aktivitetar

Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
14 jun