Tap på Voss.

Det var eit meget godt lag Osterøy sine 12-åringar møtte i Voss Idrettshall søndag 3. november. Før våre jenter fekk områdd seg, hadde Vossajentene fått inn fleire fulltreffarar og var oppe i ei sjumålsleiing. Pauseresultatet var 9-2. Sjelden har me sett så godt vingspel som det Voss presterte, mesteparten av måla kom frå vingane og sat klistra i vinkelen, umogeleg å ta for vår gode keeper.

I andre omgong vart Osterøyjentene litt meir med i spelet og denne omgongen vart jevnare, 8 mål til Osterøy og 10 til Voss, så sluttresultatet endte med 19-10.

Fint forsvarsarbeid.

Synne gjer som vanlig ein strålande jobb i mål.

Aktivitetar

Håndball-søndag
Osterøyhallen
26 nov
HaFo 2024
Osterøyhallen
29 nov
Ribbecup 2023
Osterøyhallen
30 nov