Storsiger av 12 års jentene!

Dagens kamp mot Dale gjekk føre seg i Bjørnarhallen i dag 27.10.13. Jentene var i støtet frå start og gjekk kjapt opp i leiing.

Leiinga gav dei aldri ifrå seg og hadde full kontroll gjennom heile kampen. Mykje fint spel og kjekt å sjå at nye spelarar også får fullt treff!

Etter 40 minuttar stod det 16-5 i Osterøy sin favør, noko både trenar, spelarar og foreldre var storfornøgde med!

Bra jobba i forsvar.

Peptalk av Sylvia i pausen.

Kjekt å ha Åse Iren tilbake på laget.

Maskoten måtte også få vera med.

Synne klar til å senda avgårde ein susar.