Full pott for Jenter 12!

Søndag 29.09.13 møtte jentene våre Knarvik 2 i sin første kamp for sesongen. Alltid spennande å sjå «koss landet ligg» ved starten av ein sesong. Første omgong vart litt famlande for Osterøy sin del, og det var berre Knarvik som fann målnettet. Men uti omgongen «vakna» Osterøygjengen og 0-5 vart brått snudd til 5-5, til pause var resultatet 6-6, litt av ei opphenting!

I andre omgong var det litt meir liv og fart over jentene, høgare tempo og mange fleire som torte å skyta, dette resulterte i at me hadde ei komfortabel 3-4 målsleiing heilt til det gjenstod nokre minutt av kampen. 3 minutt før full tid, fekk Osterøy ein utvisning og Knarvik nytta tida godt og var på full opphenting. Vart ein spanande avslutning som heldigvis enda i favør av oss, siger 11-10! Ein flott start på sesongen!

Maria sender avgårde ein susar, toppscorar i dag med 6 mål.

Synne er like god ute på bana som i mål.

Ei konsentrert Neda, 2 mål på ho i dag.

Maya har verkeleg fått dreisen på skuddarmen.