Strålande av Jenter 11!

Medan hovudtrenar Sylvia låg og sleika sol på canarias strender, var det hjelpetrenar Tove og vikar Ivar som fekk gleda av å følgja laget denne dagen.

Flaktveit 2 var motstandarar og begge laga opna litt famlande. Osterøy kom best i gong og Maria S var den første som klarte å lura ballen i bortelaget sitt mål. Lite mål gjennom heile første omgong og til pause stod det 2-1 til Osterøy. Osterøyjentene var nok også dei som hadde best «tak» om kampen.

Andre omgong vart også lite målrik, sjølv om sjansane var mange. Mykje godt spela, men mangla litt på avslutningane, men når ein først får ballen i mål, kjem sjølvtilliten og trua på at ein klarar det.

Synne stod som vanlig fjellstøtt i mål og jentene kunne gå jublande av bana med 5-3 siger! Målscorarar i dag vart; Neda (1), Maria S (3) og Maren (1).

Flaktveit i angrep.

Vår «eminente» keeper Synne.

Flott forsvarsarbeid.

Ein fornøgd gjeng!

Aktivitetar

Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar
Open trening TURN
Osterøyhallen
07 mai
Ekstraordinært Årsmøte
Osterøy IL Klubbhus
18 mai
24 mai