Flott spel trass tap for 11-åringane.

Var berre 7 spelarar som stilte denne lørdags morgonen, så vart mykje speling på dei som var der. Mykje godt spel gjennom heile kampen, den store forskjellen på Osterøy og Åsane var den eine Åsane-spelarane, ho stod for dei fleste av Åsane sine mål og gjekk gong på gong både gjennom og over forsvaret vårt, for som jentene sa, «ho var minst 1 meter høgare enn oss».

Våre spelarar mista likevel ikkje motet og dei viste mange gode takter, fleire som torte å skyta med godt resultat. Resultatet vart til slutt 17-5 i Åsane sin favør.

Har vore stor framgong for jentene våre i det siste, ballen går fortare og dei spelar meir ilag, me ser fram til neste kamp i Osterøyhallen lørdag 9. februar!

Maria L. på full fart i angrep.

Ein liten «peptalk» av trenar Sylvia i pausen.